Nasjonalparkstyre | Invitasjon til dialogmøte mellom…
Meny
Lukk

Invitasjon til dialogmøte mellom verneområdestyret og reiselivet


Korleis kan vi saman ta vare på det som gjer Nærøyfjorden unik – naturen, kulturen og forteljingane?

Verneområdestyret inviterer aktørar i reiselivet til eit ope dialogmøte om korleis samhandling, vertskap og kommunikasjon kan styrkje eit berekraftig reiseliv i verdsarvområdet.

Tid: 8. januar kl. 10:00–15:00
Stad: Fretheim Hotel, Flåm
Påmelding: steinar.sorli@statsforvalteren.no
Frist for påmelding: 17. desember

Møtet vil vere ein arena for inspirasjon, deling av erfaringar og utvikling av felles prinsipp for god forvaltning og berekraftig verdiskaping i Nærøyfjorden.