Meny
Lukk

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på spørsmål mange lurer på. Svara er generelle, og vi ber deg ta kontakt viss du ikkje finn svar på det du lurte på. Svara er ikkje førande med tanke på behandling av eventuelle søknader. Desse må vurderast i kvart einskild tilfelle.

Eg skal gjere noko arbeid på stølshuset mitt. Er det søknadspliktig?

Ja, alle tiltak som kan endre på den ytre fasaden på bygget er søknadspliktig, t.d nye vindauge, større vindauge, nytt tak m.m. Ta kontakt med verneområdeforvaltar om du har planar for istandsetting av stølshuset. Enkelt vedlikehald som byte av kledningsbord, er ikkje søknadspliktig, så lenge kledningen er lik den gamle.

Er det lov å fly drone i verneområda?

Ja, med unntak av i Bleia-Storebotnen landskapsvernområde, er det lov å bruke drone i verneområda i Nærøyfjordområdet. Hugs å å følge generelle reglar for droneflyging og ta omsyn til folk og natur.

Kan eg sykle med el-sykkel i verneområda?

Nei, el-sykkel blir rekna som motorisert ferdsel i utmark, og er ikkje tillate i nokon av verneområda utan særskilt løyve. Vanleg sykkel er lov, med unntak av i Bleia naturreservat.

Er det lov å lande med helikopter i verneområda?

Nei, både landing og lågtflyging under 300 meter er forbode i verneområda. Har du ein god grunn til at du treng å frakte noko med helikopter kan du søke verneområdestyret om løyve. Det er vanskeleg å få løyve til persontransport.

Eg har stølshus i verneområdet som eg brukar i fritidssamanheng. Kan eg køyra med snøskuter til stølshuset?

Ikkje utan å søke. I utgangspunktet er all motorferdsel i verneområdet forbode. Verneområdestyret kan etter søknad gje løyve til eit avgrensa tal turar til hytter og stølshus, for transport av materiale, proviant og brensel. Transport av berre personar er ikkje tillatt.

Eg har stølshus i verneområdet som eg brukar i landbruksnæring. Kan eg køyra med snøskuter for naudsynt transport i landbruksnæring?

Ja, det er lov med naudsynt transport med snøskuter i landbruksnæring. Dette er transport av proviant, brensel, saltsteinar og materiale til enkelt vedlikehald av stølshuset.

Eg treng å få frakta noko til stølshuset mitt. Må eg søke for å kunne fly opp med helikopter?

Ja. Sjølv om du driv landbruksnæring må du søke. Det er berre ved frakt av sjuke dyr at du kan fly utan å søke, og sjølv då må du melde frå i forkant.

Er det bandtvang i verneområda?

Ja, det er same reglar for bandtvang inne i verneområdet som utanfor. Bandtvangen blir regulert av hundelova. Den generelle bandtvangstida er frå 1. april til og med 20. august. Fleire kommunar har eigne forskrifter med utvida bandtvang. I område med villrein tilrår vi å ha hunden i band heile året.

Er det lov å jakte i verneområda?

Ja, det gjeld dei same reglane for jakt i verneområda som utanfor. Jaktkort kan du kjøpe hjå fjellstyra i Aurland og Lærdal, og på nettsida inatur.

Er det lov å fiske i verneområda?

Ja, det er dei same reglane som gjeld for fiske både i og utanfor verneområda. Det er grunneigarane som forvaltar fiskeressursane og bestemmer kva type reiskap som er lov å bruke. Sjekk ut nettsidene til fjellstyra i Aurland og Lærdal, og nettsida inatur for å finne ut kor det er lov å fiske og kjøpe fiskekort.