Meny
Lukk

Ofte stilte spørsmål

Er det lov å bruke drone i verneområda våre?

Bruk av drone er forbode i Folgefonna nasjonalpark.

Delar av verneområdet har sårbar natur, mens andre deler er viktige friluftsområde. For å flyge med drone i nasjonalparken treng du eit løyve frå Folgefonna nasjonalparkstyre.

Det gjeld strenge reglar for å få dispensasjon. Produksjon av naturfilm og naturinformasjon med fokus på å formidle verneverdiane har tidlegare fått løyve til bruk av helikopter til filming. I slike tilfelle har bruk av drone fått løyve som eit betre alternativ enn helikopter.

Vi legg ikkje opp til filming med drone til privat bruk, dokumentering av aktivitet eller til marknadsføring av einskildaktivitetar og bedrifter.

Dei fire landskapsvernområda rundt Folgefonna nasjonalpark har ikkje reglar mot droneflygning.

- Buer landskapsvernområde

- Bondhusdalen landskapsvernområde

- Ænesdalen landskapsvernområde

- Hattebergsdalen landskapsvernområde

Her er det dei generelle reglane for droneflyging som gjeld:

- Reglane i "Forskrift om luftfartøy som ikke har fører om bord mv.". Den forskrifta finn du her. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-11-30-1404?q=modellfly

- Ein må ta omsyn til reglar om støy og personvern når ein brukar drone og den generelle aktsemdsplikta som følgjer av naturmangfaldlova § 6.

Er det lov å sykle i verneområda våre?

Sykling er forbode i verneområda våre med unntak av desse vegane

- Grusvegen frå Fossberg til Murabotn i Hattebergsdalen landskapsvernområde

- Vegen frå Bondhus til Bondhusvatnet i Bondhusdalen landskapsvernområde

- Vegen frå Sandarvollen til Gardshammar i Bondhusdalen landskapsvernområde

- Traktorvegar i Ænesdalen landskapsvernområde (merka på vanlege kart)

Er det lov å ri på hest i verneområda våre?

Det er ikkje forbod mot bruk av hest, men det er sett avgrensingar for organisert bruk av hest.

Organisert bruk av hest er tillate på desse strekningane:

- Turistvegen over Folgefonna frå Tokheim til Sundal

- Grusvegen frå Fossberg til Murabotn i Hattebergsdalen landskapsvernområde

- Vegen frå Bondhus til Bondhusvatnet i Bondhusdalen landskapsvernområde

- Vegen frå Sandarvollen til Gardshammar i Bondhusdalen landskapsvernområde

- Traktorvegar i Ænesdalen landskapsvernområde (merka på vanlege kart)

Er det lov å hogge ved og brenne bål i verne områda våre?

I Folgefonna nasjonalpark er det tillate å hente ved til bålbrenning om det vert gjort på ein skånsam måte. Det er også tillate å plukke vanlege plantar og friske kvistar til eige bruk.

Med skånsam hogst meiner vi at all fjerning av trevirke må skje mest mogleg sporlaust og med omsyn til naturen.

Tips og råd

- Daude tre er viktige for naturmangfaldet og skal få stå i fred.

- Gå eit stykke unna bålplassen for å hente ved eller kvist, så ikkje alle trea rundt bålplassen vert hogde ned eller amputerte.

- Kapp ein pølsepinne av eit friskt tre med masse greiner.

- Unngå sår i bork eller kvist.

Det er eit generelt bålforbod mellom 15. april og 15. september i skog og utmark. Du kan likevel gjere opp eld der det openbart ikkje kan begynne å brenne. Reglane for bålbrenning gjeld også i nasjonalparken. Om du lagar eit bål utanom etablerte bålplassar må du sørgje for at alle spor er borte når du forlét området.

Korleis søkjer eg om motorisert ferdsle?


Det enklaste er å bruke det nettbaserte søknadsskjemaet. Fyller du ut det so får forvaltninga alle opplysningane vi treng for å handsame søknaden. Søknad kan og sendast til postmottaket til Statsforvaltaren.

Søknadskjema om motorferdsel
External link icon