Villrein Foto: Jan StokstadVillrein Foto: Jan StokstadSterringen i Finndalen Foto: Kristine SørlieTrollveggen Foto: Øyvind LerenMot Gråhø Foto: Kjell StålevikPerlemorsommerfugl Foto: Kjell StålevikFjellsmelle Foto: Kjell StålevikFjellrype Foto: Kjell Stålevik Foto: Kjell StålevikUlvelav Foto: Kristine Sørlie Foto: Kjell StålevikLangfjelldalen Foto: Vegard LødøenFangstgrop med bægarmar Foto: Per Jordhøy

Reinheimen

- villmark med veidemannsspor

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Norge, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. I vest finn du eit dramatisk landskap - austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer.

Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Her er fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.

Galleri Reinheimen  



Nyhende

Styremøte i Reinheimen, 24. juni 2019

Odden i Finndalen

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har neste styremøte måndag 24.juni på Norsk fjellsenter i Lom. Møteinnkalling, sakliste og utkast til Årsrapport for Reinheimen i 2018, ligg som pdf nedanfor.

(Publisert:18.06.2019)
Les mer

Telefonmøte nasjonalparkstyret for Reinheimen 07.06.2019

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har telefonmøte 07.06.2019 for handsaming av ein sak. Møteinnkalling vedlagt.

(Publisert:07.06.2019)
Les mer

Styremøte i Reinheimen, 18. mars 2019

Hubro

Nasjonalparkstyret for Reinheimen hadde styremøte måndag 18.mars på Grand Hotel Bellevue i Åndalsnes. Saksdokument og møteprotokoll er lagt ut som pdf. nedanfor. Statens vegvesen (Region Midt) orienterte styret om planprogram for E 136 i Romsdalen, og Miljøfagleg Utredning AS presenterte arbeidet med skjøtselsplanar for Reinheimen. Presentasjonane er og lagt ut ...

(Publisert:13.03.2019 Sist endret:01.04.2019)
Les mer

Styremøte i Reinheimen, 3.desember 2018

Reinheimen, foto: Kjell Stålevik

Nasjonalparkstyret for Reinheimen hadde styremøte måndag 3.desember 2018 på Vågå Hotel. Innkalling med sakliste, godkjent møteprotokoll og presentasjonar er lagt ut nedanfor som PDF dok.

(Publisert:28.11.2018 Sist endret:07.12.2018)
Les mer

Styremøte og Rådgjevande utval, 19.-20.sept. 2018

Rådgjevande utval på Billingen 20.09.18

Nasjonalparkstyret for Reinheimen gjennomførte styremøte, og møte med rådgjevande utval for Reinheimen, 19. - 20. september på Grotli Høyfjellshotell. Sakliste og protokoll frå møte i nasjonalparkstyret 19.09.18 er lagt ut nedanfor som pdf. Møtet i rådgjevande utval starta etter styremøtet 19.sept., og vart avslutta på Billingen seterpensjonat 20.sept. Presentasjonar og ...

(Publisert:10.10.2018 Sist endret:18.10.2018)
Les mer
Vis nyhetsarkiv