Meny
Lukk
Foto: Odd-Inge Worsøe
Føremålet med vernet av Vormedalsheia er å ta vare på eit særmerkt og vakkert landskap som gjev eit godt tverrsnitt av Ryfylkenaturen frå fjord til høgfjell, og som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.

Vormedalsheia landskapsvernområde ligg på sørsida av dei inste delane av Jøsenfjorden i Hjelmeland kommune. Landskapsvernområdet strekk seg dermed frå fjøresteinane i Jøsenfjorden og dalbotn i Førre gjennom bratte skoglier og heilt opp til høgfjellsområde ved Brendeknutane. Verneområdet er på 120 km2 og vart oppretta i 1991.

Naturen i Vormedalsheia er svært vakkert og variert, og inneheld det meste av det vestlandsnaturen har å by på. Særleg geologien er bakgrunnen for fleire av dei mest særmerkte og spanande naturelementa i Vormedalsheia. I Ritlandskrateret finne vi spora etter eit av dei svært få metiorittnedslaga i fastlands Noreg og i skiferlaga i krateret kan du finne fossila etter førhistoriske sjødyr. Du kan og besøke Trollgarden som ligg sør for Kvivatna. Trollgarden er 4-5m høg og 2km lang morenerygg som vart danne av eit breframstøyt på slutten av siste istid. Namnet kjem at ein for lenge sida trudde at trolla hadde brukt steinane som gjerde.

Verneverdiane i Vormedalsheia er særleg knytt til to tilhøve. Det eine er det varierte og særmerkte landskapet med mellom anna fleire vakre stølsområde. Det andre er knytt til sjeldne og sårbare naturelement som område med heilt unik flora og nemnte fossillokalitet. I dag er det ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot dei geologiske verneverdiane i Vormedalsheia. Etter kvart som Ritlandskrateret blir meir kjent vil ein kunne forvente auka ferdsel, og ein passe på at ikkje fossiljegerar gjer skade. Det er heller ingen opplagte trugsmål mot dei rike botaniske områda i høgheia. Beitetrykket frå sau ligg truleg på eit akseptabelt nivå, og attgroing er heller ikkje noko stort trugsmål så langt over tregrensa. Stølsområda som ligg under tregrensa er der i mot sterkt truga av attgroing. På dei gamle stølsvollane er det store oppslag av bjørk og einer, og gamle ferdselsvegar gror att.