Meny
Lukk

Vidmyr naturreservat ligg på vestsida elva Otra på Hovden i Bykle kommune.

Naturreservatet ber namnet sitt med rette. Saman med myrområde i Hovden landskapsvernområde finn du her eit av dei største samanhengande myrområda i regionen. Med sine 9,7 km2 er Vidmyr av dei større naturreservata. Historisk har Vidmyr vore særs viktig som slåttemark og beitemark for husdyr. Her finn du fleire særeigne planteartane tilpassa område som vert slått og beita. Eit mindre areal sør-vest i naturreservatet vert framleis slått for å ivareta desse planteartane.