Meny
Lukk
Foto: Odd-Inge Worsøe
Bevara svært interessant og variert myrområde, med innslag av både fattigmyr- og rikmyrvegetasjon.

Øyastøl er eit svært vakkert område som er rikt på opplevingar. Sjølve verneområdet er eit myrområde som ligg nord for garden Kleivaland i Hjelmeland kommune. Naturreservatet vart oppretta i 1986 og har eit areal på 330 daa. Øyastølsmyra er ei gamal slåttemyr som ligg 420 moh. Myra har stadvis rik vegetasjon kor det nå drivast ein aktiv skjøtsel for å ta vare på det opne landskapet. Like ved Øyastøl finn du og Ritlandskrateret, fosilførande skiferlag og Vormedalsheia landskapsvernområde.

Verneverdiane på Øyastøl har lenge vore truga attgroing av einer, lauvskog og einstape, samt noko planting av gran. Dei siste 10 åra har det vore drevet aktiv skjøtsel på Øyastøl og tilstanden til verneområde har betra seg mykje.