Meny
Lukk
Foto: Fylkesmannen i Rogaland
Formålet med vernet er å ta vare på ein rik edellauvskog, med kravfull kryptogamflora som delvis er knytt til eit varmt, oseanisk klima. Dels svært sjeldne og truga artar finst her.Lav- og moseflora og rikt fugleliv

I Ørestø kan du oppleve eit stort naturmangfald. Sjølve verneområdet er eit ei bratt sørvendt skogsli som ligg opp frå Frafjord i Gjesdal kommune. Naturreservatet vart oppretta i 2003, har eit areal på 728 daa, og strekk seg frå fjorden og opp til om lag 690 moh. I Ørestø veks det ein del edellauvskog og du finn fleire sjeldne varme- og næringskrevjande karplantar, mosar og lav. Store dalar av Ørestø grensar opp til Frafjordheiane landskapsvernområde.