Meny
Lukk
Foto: Alf Odden
Føremålet med naturreservatet er å verna ei stor samanhengande skogsområde typisk for eit fjordlandskap i Rogaland med ei nordvendt fjordli frå sjøen og over toppane mot sør, med alt naturleg plante- og dyreliv. Fattig og fuktig kystfuruskog dominerer, med preg av gamal furuskog einskilde stader. Det er og innslag av edellauvtre på rikare mark, med nokre grove gamle styvar av ask. Området som er i mindre grad påverka, og i øvre deler er overgangar frå frodig furuskog til bjørk/furuskog til nakent berg mot toppane med høgareliggjande myrer. Mot sør kjem og nokre sørvendte lier inn i området med furu og lauvskog.

I Nordraheia finn du eit variert skogsområde nesten utan tekniske inngrep. Verneområdet ligg på sørsida av Jøsenfjorden i Hjelmeland kommune, og strekk seg frå fjorden opp over Nordraheia mot Kaldavatnet. Det høgaste punktet er 693 moh aust i terrenget ved Reinsrumpa. Verneområdet vart først oppretta i 1999 med namnet Nordstølhei naturreservat. I 2019 vart verneområdet utvida mot aust med delar av Vormedalsheia landskapsvernområde, og bytta namn til Nordraheia naturreservat. Verneområdet har eit samla areal på 17.8 km2.