Meny
Lukk
Foto: Fylkesmannen i Rogaland
Formålet med vernet er å ta vare på ein rik edellauvskog, med sjeldne og raudlista mose- og lavartar som delvis er knytt til eit varmt, oseanisk klima. Dels svært sjeldne og truga artar med lite utbreiingsområde finst her.

I Migaren kan du oppleve eit rikt naturmangfald. Sjølve verneområdet er ei bratt sørvendt li som ligg opp frå Frafjord i Gjesdal kommune. Naturreservatet vart oppretta i 2003 og har eit areal på 523 daa. Verneområdet strekk seg frå dalbotnen og Molaugsvatet på 26 moh, og opp til om lag 570 moh. I Migaren veks det mykje edellauvskog og du finn fleire sjeldne varme- og næringskrevjande karplantar, mosar og lav. Store delar av Migaren grensar opp til Frafjordheiane landskapsvernområde.