Meny
Lukk
Foto: Odd-Inge Worsøe
Føremålet med vernet av Lusaheia er å ta vare på eit særmerkt og vakkert høgfjellslandskap som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.

Lusaheia landskapsvernområde ligg lengst aust i Hjelmeland kommune, og strekk seg heilt inn til grensa mot Agder fylke. Verneområdet er på 122 km2 og vart oppretta i 1991. Mykje av Lusaheia av eit høgfjellsplatå som ligg mellom 1000 og 1100 moh. Her har isen gjort ein grundig jobb og har etterlatt seg eit landskap med mykje bart fjell som mange stader er overstrødd med store og små flyttblokker. Namnet Lusaheia kjem truleg av dette karakteristiske naturfenomenet. Den grøne og frodige Storådalen delar høgfjellsområde i to, og utgjer ein spanande kontrast til resten av verneområde. Storådalen går i nordaustleg retning frå Nilsebuvatnet og dalbotnen ligg om lag 800 moh.

Verneverdiane i Lusaheia er særleg knytt til to tilhøve. Det eine er det særmerkte og relativt urørte høgfjellslandskapet ein finn i store delar av landskapsvernområde, mens det andre er knytt til Lusaheia sin funksjon som leveområde for villreinstamma i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Nokre rike botaniske lokalitetar og dei mange kulturminne frå ferdsel, støling, drifteferdsel og jakt og fangst er og viktige verneverdiar i Lusaheia.

Det er ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot verneverdiane som er knytt til landskapet. Landskapet er likevel noko påverka av tidlegare kraftutbygging som mellom anna har medført sterkt redusert vassføring i Storådalen. Det er heller ikkje forhold inne i sjølve Lusaheia som utgjer alvorlege trugsmål mot område sin funksjon som leveområde for villreinstamma. Kva som skjer lenger aust i trekkorridoren mellom Blåsjø og Svartevassmagasinet vil truleg ha langt større innverknad på i kor stor grad villreinen kjem til å nytte Lusaheia i tida framover.