Meny
Lukk
Foto: Alf Odden
Føremålet med vernet av Kvanndalen er å ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur, rikt planteliv med m.a. bergjunker, verdifulle stølsområde og beitelandskap, eldre og nyare kulturminne etter støling, heibeiting, jakt, fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

Kvanndalen landskapsvernområde ligg i Suldal kommune heilt nord til grensa mot Vestland og Telemark/Vestfold fylke. Verneområdet er på 84 km2 og er med dette det nest minste landskapsvernområdet i SVR. Sjølv om Kvanndalen er eit naturleg midtpunkt, inneheld Kvanndalen landskapsvernområde mykje meir enn dalen som har gjeve namn til området. Her finn vi også Rogalands tre høgaste fjelltoppar (med Vassdalsegga på 1658 moh som den høgaste), ein rik flora, viktige trekkvegar for villreinen og mange kulturminne i samband med ferdsle, stølsdrift og fangst av villrein.

I dag er det ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot dei botaniske verneverdiane i Kvanndalen. Lokalitetane ligg ofte i bratte område slik at slitasje frå ferdsel eller beite av sau ikkje utgjer noko stort problem. Verneverdiane knytt til kulturlandskapet er truga av attgroing med bjørk og einer. Dette er særleg eit problem på stølsvollane og andre område under tregrensa.

Det er ikkje mogleg å peike på tilhøve med dagens bruk og ferdsel som utgjer alvorlege trugsmål mot Kvanndalen sin funksjon som leveområde for villreinstamma. Det er få tekniske inngrep og lite ferdsel i verneområdet.