Meny
Lukk
Foto: Kjell Helle Olsen
Føremålet med biotopvernet er å sikre viktige trekkvegar for villreinen i fjellområdet mellom Kvanndalen landskapsvernområde og Dyraheio landskapsvernområde.

Holmavassåno biotopvernområde omfattar i hovudsak områda mellom Sandvatnet og Holmavatnet, nord aust i Suldal kommune. Biotopvernområde blir dermed liggande som eit bindeledd og ein korridor mellom landskapsvernområda Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane og Dyraheio i sør og aust, og Kvanndalen landskapsvernområde i vest. Holmavassåno vart oppretta i 1997 og har eit areal på 23 km2.

Om sommaren utgjer biotopvernområde eit viktig bindeledd mellom områda i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Dyraheio landskapsvernområder og områda i Kvanndalen og Telemark. Både terrengformasjonar og forstyrringar frå menneskeleg aktivitet lengre vest, gjer Holmavassåno til ein naturleg trekkveg. Om vinteren nyttar villreinen isen på Holmavatnet.

Sjølv om trekkvegane i biotopvernområde framleis blir nytta, er området hardt belasta av tekniske inngrep og menneskeleg aktivitet. Både turistløype, anleggsveg, reguleringsmagasin og kraftlinjer vil ha ein barriereeffekt. Dette kan vere ein medverkande årsak til at fostringsflokkane nesten ikkje har nytta desse områda om somrane dei siste 50 åra.