Meny
Lukk
Gammel furskog og villrein

Hisdal naturreservatet vart verna i 2008 og er på 16 000 dekar i storleik. I Hisdal naturreservat ligg det kalvingsområde for villrein og restar etter kjempefuruskogar. Her finn du villmarksprega fjelldalar og fjellgarden Store Hisdal med intakte tun og bygningar. Med unntak av ei kraftline gjennom område, fjellgardane og kulturmarka kring desse, er hovudinntrykket eit område særs lite påverka av menneskje.