Meny
Lukk
Foto: Frank Haughom
Føremålet med vernet av Frafjordheiane er, etter verneføreskrifta sin §2: - å ta vare på eit representativt, særprega og vakkert landskap, med bratte fjord- og dalsider via lågheiar opp til glattskurt høgfjell. - å ta vare på vatn og vassdrag, viktige leveområde for eit særmerkt plante-og dyreliv, geologiske landskapsformer, samt beite- og stølslandskap med automatisk freda og nyare tids kulturminne. - å ta vare på ein særmerkt alm-/lindeskog med stor variasjon, storfrytledominert bjørkeskog, frisk fattigeng, nordvendte berg og urar, og elvar og flaumelvefar med oseaniske mosesamfunn i Røssdalen. I tillegg heiter det at ”Allmenta skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging”.

I Frafjordheiane landskapsvernområde møter du den vakre og dramatiske vestlandsnaturen i konsentrert utgåve. Her finn du djupe fjordar, mektige fjell, høge fossar og grøne dalar. Frafjordheiane landskapsvernområde strekk seg frå Lysefjorden i nord til Frafjord og Østebødalen i sør. Verneområde har areal i kommunane Sandnes, Gjesdal og Sirdal. Frafjordheiane vart oppretta i 2003 og har eit areal på 418km2.

Frafjordheiane er eit høgfjellsplatå som er oppdelt i dal og fjordsystem danna under og etter siste istid. Isbreane sitt arbeid og store mengder smeltevatn, har avsett lausmassar i form av terrassar, randmorenar, ur og svære blokker. Dette har gjeve eit dramatisk og variert landskap med djupt nedskorne dalar som stig gradvis mot meir småkupert høghei i aust.

I dei lågareliggande delane av Frafjordheiane finn ein eit verdifullt kulturlandskap. Landskapet består av opne beitemarker og tilhøyrande bygningar på stølar og nedlagte gardar. Dette landskapet er eit resultat av lang tids bruk, mellom anna i form av beite, hogst og brenning.

Eit karakteristisk særpreg ved landskapet i Frafjordheiane er dei markerte dalføra. Dette gjeld til dømes Røssdalen med dramatiske former som Fossajuvet og Nordre Dunsen, Lysefjorden med verdskjente element som Preikestolen og Kjeragveggen, og Fidjadalen med mellom anna Månafossen som er Rogalands høgaste foss.