Meny
Lukk
Foto: Ragnar Djuvik
Føremålet med vernet av Dyraheio er å ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur, rikt planteliv med m.a. bergjunker, verdifulle stølsområde og beitelandskap, eldre og nyare kulturminne etter støling, heibeiting, jakt, fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

Villfjellet var namnet dei første fotturistane gav dette utilgjengelege og ville fjellområdet mellom Suldal og Bykle. Lokalbefolkninga var mindre dramatiske i si namnsetting. For dei hadde område vore staden kor dei kunne spe på matforsyninga med reinsdyrkjøt, og namnet Dyraheio må ha vore eit naturleg val. Det som i etter vernet i 1997 vart Dyraheio landskapsvernområde ligg i Suldal kommune og har ei areal på 307km2.

I dag er det ikkje mogleg å identifisere store trugsmål mot dei botaniske verneverdiane i Dyraheio. Lokalitetane ligg ofte i bratte område slik at slitasje frå ferdsel eller beite av sau utgjer eit avgrensa problem. Verneverdiane knytt til kulturlandskapet er truga av attgroing med bjørk og einer. Dette er særleg eit problem på stølsvollane og andre område under tregrensa.

Det er ikkje mogleg å peike på tilhøve med dagens bruk og ferdsel som utgjer alvorlege trugsmål mot Dyraheio sin funksjon som leveområde for villreinstamma. Det er likevel tekniske inngrep som skaper vandringshinder og noko ferdsel og motorisert ferdsel som medfører noko forstyrring av villreinen.