Meny
Lukk

Motorferdsel i utmark

Søknadsrutiner for motorferdselssaker

Alle (privatpersonar, lag og organisasjonar, offentlege etatar) som har planar om søknadspliktig motorferdsle i verneområda, skal sende søknad om dispensasjon til den kommunen der tiltaket eller ferdsla er planlagt. Søknaden skal sendast på eit eige søknadsskjema som du finn nedanfor. Du kan og få skjema tilsendt frå SVR eller den aktuelle kommunen.

Dersom søknaden gjeld fleire kommunar (til dømes motorisert ferdsel som kryssar kommunegrensene), er det nok å sende søknaden til ein av kommunane. Vedkomande kommune må då vidaresende søknaden til verneområdeforvaltninga og dei andre kommunane søknaden omfattar. Etter at søknaden er motteken i forvaltingssekretariatet, blir det sendt eit førebels svar til søkjar dersom saka ikkje kan handsamast i løpet av 3 veker.


Søkarguide for motorferdsel i SVR

Verneområdestyret har utarbeidd ein søkarguide for motorferdselselssaker i SVR. Her kan du finne informasjon om regelverk og søknadsprosedyrer.

Søkarguide - Motorferdsel i SVR
Søkarguide
File icon PDF

Søknadsskjema - Motorferdsel i SVR

Saman med kommunane har SVR utarbeidd eit søknadsskjema som kan brukast for alle typer motorferdsel både i og utanfor verneområda.

Søknadsskjema - Motorferdsel i SVR
Søknadsskjema
File icon PDF
- Foto: Fjellfly