Meny
Lukk

Vis din tilknytting til Stølsheimen

Verksemder med geografisk tilknytting til Stølsheimen kan no søke om løyve til å bruke merkevara "Norges nasjonalparker" i si marknadsføring.


Kommersiell bruk av merkevara Norges nasjonalparker

Det er lagt til rette for at verksemder med geografisk tilknyting til ein nasjonalpark eller større verneområde kan søke om løyve til å bruke eit spesiallaga merke som viser tilknytinga til verneområdet. Merket skal brukast saman med logo for eiga verksemd i marknadsføringa av eit produkt, ei teneste eller ein aktivitet. Merket er ikkje eit kvalitetsstempel, og representerer ikkje nokon form for godkjenning, finansiering eller anna støtte frå verneområdet eller forvaltningsmyndigheten. Det er ein kvalitet i seg sjølv å ligge i nærleiken av eit verneområde, og det er dette vi ynskjer at di bedrift skal kunne nyte godt av. Merket er gratis å bruke, men du må søke verneområdestyret om løyve til bruk.

Kven kan bruke det kommersielle merket for Stølsheimen landskapsvernområde?

Du kan søke om å få bruke det kommersielle merket for Stølsheimen landskapsvernområde dersom

- du driv kommersiell, frivillig eller anna type verksemd i eller ved landskapsvernområdet.
- produktet du tilbyr kjem frå verneområdet
- du arrangerer ein aktivitet i eller ved landskapsvernområdet

Produktet/tenesta du tilbyr bør

- vere miljøvennleg
- vere kjenneteikna av kvalitet, gode råvarer og godt handverk
- tilby informasjon om Stølsheimen landskapsvernområde, direkte eller indirekte.
- ha opphav i lokalt næringsliv
- ha ein «eigenart» for Stølsheimen landskapsvernområde

Verneområdestyret kan gje godkjenning til fleire produkt/tenester i same kategori dersom dei innfrir kriteria. T.d. guida turar eller saueskinnsfeller frå ulike leverandørar.

Ulike logoar

Det er tre alternative merker. Du får ei fil med logoen til Stølsheimen landskapsvernområde etter godkjenning.

Figuren under viser døme på dei tre alternative merke:

Korleis kan eg bruke merket?

Du kan eksempelvis bruke merket som klistremerke i butikkvindauge, i program eller brosjyrar, på nettstadar, i e-post og på plakatar. Merket skal alltid brukast saman med verksemda sin eigen logo.

Kva er kriteria for bruk?

Det kommersielle merket må ikkje brukast på ein måte som kan skade omdømmet til Stølsheimen landskapsvernområde eller Norges nasjonalparker, eller på ein måte som strid mot verneområdet sine retningslinjer eller formål. Du kan lesa verneforskrift og retningslinjer her: https://www.nasjonalparkstyre.no/Stolsheimen/publikasjoner

Det er ikkje lov å bruke det kommersielle merket på reklamemateriell eller varer utan følgje av verksemda din eigen logo, som t.d. på brevhovud eller på emballasjen for eit produkt. Det må alltid gå klart fram kven verksemda bak produktet eller tenesta er, at dette ikkje er eit verneområdeprodukt eller -teneste, og at det ikkje er eit verneområdegodkjent produkt eller teneste.

Verneområdestyret kan trekke tilbake ein godkjenning dersom produktet ikkje lenger innfrir kriteria eller dersom godkjenninga blir misbrukt.

Miljødirektoratet tilrår i tillegg å følgje kriteria for berekraftige reisemål, som er ein nasjonal sertifiseringsordning. Meir info om den finn du her:

https://business.visitnorway.com/no/verktoy/merket-for-baerekraftig-reisemaal/

Kvifor må eg signere ein avtale?

Logoen for Norges nasjonalparker er ein verdifull ressurs, og eit beskytta varemerke, dette gjeld også det kommersielle merket.

Det er viktig å handheve riktig bruk til fordel for alle som ynskjer å knyte verksemda si til Norges nasjonalparker. Misbruk kan øydelegge verdien for alle som brukar merket. Det må derfor signerast ein forpliktande avtale med verneområdestyret for bruk av merket.

Gjennom avtalen anerkjenner du kriteria for bruk og bind deg til å bruke merket respektfullt, hensiktsmessig og etter retningslinjene.

Berre dei som har søkt om og fått løyve til å bruke merket, kan gjere det.

Får eg merket til odel og eie?

Det er Stølsheimen verneområdestyre som avgjer varigheita for retten til bruk av merket. Du kan søke om å bruke merket for ei tidsavgrensa hending, eller for eit produkt eller teneste over lengre tid.

Korleis søker eg?

Dersom du etter å ha lest innhaldet i dette dokumentet ynskjer å søke om å bruke det kommersielle merket for Stølsheimen verneområdestyre, kan du fylle ut og signere skjemaet du finn her:

Last ned søknadsskjema

Skjemaet sender du til Stølsheimen verneområdestyre.

Adresse:
Stølsheimen verneområdestyre
v/Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger
E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no

Viss verneområdestyret godtek søknaden din vil du få tilsendt merket i høg oppløysing, på ulike språk og i ulike filformat. Du vil også få tilsendt ein signert avtale og retningslinjer om korleis du bruker merket.