Meny
Lukk
Formålet med vernet er å ta vare på ei av dei best utvikla edellauvskogsliene i fjordstroka på Sunnmøre med det naturlege plante- og dyrelivet.

Hyskjet har ei av dei best utvikla edellauvskogsliene i fjordstroka på Sunnmøre, med eit rikt plante- og dyreliv. Naturreservatet er ei sørvendt lauvskogsli ved Geirangerfjorden vest for Møll. Rasmarka strekkjer seg frå sjøen oppover bergveggar og stup på ca 350 m høgde. Nede ved fjorden ligg restar etter busetnaden på Hyskjet. Her er gode levevilkår for edellauvtre som alm, hassel og ask, og eit rikt planteliv med blant anna ramslauk, grov nattfiol, tannrot, kratthumleblom, storklokke, sanikel, myske, brudespore, fagerperikum og humle. Den sjeldne Mnemosynesommarfuglen og raud bloddråpesvermar er også funnen her.

Forvaltingsplan for Hyskjet naturreservat
External link icon