Meny
Lukk

Ofte stilte spørsmål

Her finn du ein del av spørsmåla forvaltinga får. Eventuelle søknader må vurderast i kvart einskilt tilfelle. Ta kontakt viss du ikkje finn svar på det du lurte på.

Eg skal gjere arbeid på bygning som ligg innanfor verneområdet. Er dette søknadspliktig?

Ja, alle tiltak som kan endre den ytre fasaden til bygget er søknadspliktig, (endra typar glas, tak, bordkledning, mur, osv) Ta kontakt med verneområdeforvaltar om du har planar for istandsetting. Enkelt vedlikehald utan endringar i materialbruk eller fasade er ikkje søknadspliktig.

Er det lov å flyge drone i verneområdet?

Nei, drone blir rekna i klasse med "modellfly og liknande" i verneforskriftene, og er dermed forbode i verneområdet.

Kan eg sykle med el-sykkel i verneområda?

Nei, el-sykkel blir rekna som motorisert ferdsel i utmark, og er ikkje tillate i verneområde. Vanleg sykkel er lov, så lenge det ikkje medfører skade på verneverdiane.

Er det lov å lande med helikopter i verneområda?

Nei, landing (inkludert lasting og lossing) er forbode i verneområda. Har du ein god grunn til at du treng å frakte noko med helikopter eller skuter kan du søke verneområdestyret om løyve. Å frakte personar med helikopter er i utgangspunktet ulovleg her.

Eg har hytte i verneområdet som eg brukar i fritidssamanheng. Kan eg køyre dit med snøskuter?

All motorferdsel i utmarka er forbode i verneområdet. Verneområdestyret kan likevel gi løyve etter søknad til eit avgrensa tal turar til hytter og stølshus, for transport av materialar og varer. Transport av kun personar er ikkje tillate.

Er det bandtvang i verneområda?

Ja, det er same reglar for bandtvang inne i verneområdet som utanfor.

Er det lov å jakte og fiske i verneområda?

Ja, det gjeld dei same reglane for jakt og fiske i verneområda som utanfor.