Villrein Foto: Jan StokstadVillrein Foto: Jan StokstadSterringen i Finndalen Foto: Kristine SørlieTrollveggen Foto: Øyvind LerenMot Gråhø Foto: Kjell StålevikPerlemorsommerfugl Foto: Kjell StålevikFjellsmelle Foto: Kjell StålevikFjellrype Foto: Kjell Stålevik Foto: Kjell StålevikUlvelav Foto: Kristine Sørlie Foto: Kjell StålevikLangfjelldalen Foto: Vegard LødøenFangstgrop med bægarmar Foto: Per Jordhøy

Reinheimen

- villmark med veidemannsspor

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Norge, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. I vest finn du eit dramatisk landskap - austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer.

Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Her er fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.

Galleri Reinheimen  



Nyhende

Høyring - Skjøtselsplanar for landskapsvernområde knytt til Reinheimen

Fra Brøstdalen i Romsdalen lvo

Skjøtselsplan for Finndalen, Lordalen, Brøstdalen, Gravdehaug og Muldalen er på høyring i perioden september - november 2019. Alle som har interesser i området eller som har meiningar om planforslaga er velkomne til å uttale seg. Føremålet med skjøtselsplanane er å oppretthalde kvalitetane i kulturlandskapet, gje råd både om naudsynte restaureringstiltak, og om skjøtselstiltak for ...

(Publisert:26.08.2019 Sist endret:06.09.2019)
Les mer

Hengegras - veks i Finnmark og i Finndalen

Hengegras

Hengegras er ein kritisk, trua og svært sjeldan art i Noreg. Sør for Kautokeino har den einaste voksestad langs Finna mellom Bredistulen og Sterringen. I ny skjøtselsplan for Finndalen, utarbeidd av Miljøfaglig utredning AS på oppdrag frå nasjonalparkstyret, er det foreslått tiltak for å hindre nedbeiting av den sjeldne arten.

(Publisert:07.07.2019 Sist endret:06.09.2019)
Les mer

Telefonmøte 4.juli 2019

Honnjøen Ottadalen landskapsvernområde, Foto: Kristine Sørlie

Møteinnkalling, sakliste og protokoll frå telefonmøte i  Nasjonalparkstyret for Reinheimen 4.juli, er lagt ut som pdf nedanfor.

(Publisert:02.07.2019 Sist endret:05.07.2019)
Les mer

Styremøte i Reinheimen, 24. juni 2019

Odden i Finndalen

Møteinnkalling, sakliste og godkjent møteprotokoll frå styremøte 24.juni ligg som pdf nedanfor.

(Publisert:18.06.2019 Sist endret:05.07.2019)
Les mer

Telefonmøte nasjonalparkstyret for Reinheimen 07.06.2019

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har telefonmøte 07.06.2019 for handsaming av ein sak. Møteinnkalling vedlagt.

(Publisert:07.06.2019)
Les mer

Besøksstrategi for verneområda i Reinheimen er nå lagt ut på høyring

   

Ingvild Øyjordet (Publisert:02.05.2019 Sist endret:05.09.2019)
Les mer
Vis nyhetsarkiv