Villrein Foto: Jan StokstadVillrein Foto: Jan StokstadSterringen i Finndalen Foto: Kristine SørlieTrollveggen Foto: Øyvind LerenMot Gråhø Foto: Kjell StålevikPerlemorsommerfugl Foto: Kjell StålevikFjellsmelle Foto: Kjell StålevikFjellrype Foto: Kjell Stålevik Foto: Kjell StålevikUlvelav Foto: Kristine Sørlie Foto: Kjell StålevikLangfjelldalen Foto: Vegard LødøenFangstgrop med bægarmar Foto: Per Jordhøy

Reinheimen

- villmark med veidemannsspor

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Norge, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. I vest finn du eit dramatisk landskap - austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer.

Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Her er fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.

Galleri Reinheimen  



Nyhende

Styremøte i Reinheimen 23.nov. 2020

Råkåelva på Vangen

Innkalling og sakliste til møtet i Nasjononalparkstyret for Reinheimen, 23. nov. 2020 er lagt ut nedanfor som PDF. Møtet  blir gjennomført digitalt.

(Publisert:17.11.2020 Sist endret:20.11.2020)
Les mer

Ny vegtrase E136 Flatmark-Monge

Modell av ny E136 ved Nordre Flatmark, alternativ 4

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møtet 23.09.20 behandla uttale til planprogram for alternativ til ny E136 Flatmark - Skiri - Monge, gjennom Romsdalen landskapsvernområde. Møteprotokollen med høyringsuttala kan du lese under.Informasjon om alternativa til ny E136 i planprogrammet, er lagt ut på nettsida til SVV her: https://www.vegvesen.no/Europaveg/e136flatmarkmarstein/planprogram

(Publisert:02.10.2020)
Les mer

Velkommen inn - utsiktspunkt til Reinheimen

Nasjonalparkstyret for Reinheimen ønsker velkommen til nytt utsiktspunkt ved Tussheim, 21.09.20

Nasjonalparkstyret for Reinheimen ønskjer at besøkjande på Tussheim i Lesja også skal nyte utsikten over til Reinheimen nasjonalpark gjennom sitt nye portalskilt. I samband med styremøte 21.09.20, tok styret turen opp til utsiktspunktet Tussheim. 

(Publisert:29.09.2020 Sist endret:02.10.2020)
Les mer

Styremøte i Reinheimen 21.sept. 2020

Saksdokument og protokoll frå møte i Nasjonalparkstyret for Reinheimen, 21.september er lagt ut her, under les meir:

(Publisert:29.09.2020)
Les mer

Møteprotokoll - styremøte 22.juni og 6.juli

Forvaltarane tester aktuelt fotopunkt på Billingen

Saksdokument og møteprotokoll frå styremøta i Nasjonalparkstyret for Reinheimen, 22.juni og 6.juli, er lagt ut her.

(Publisert:10.07.2020)
Les mer

Kompetansedag og styremøte 22.juni 2020, i Lom

Issoleie

Felles kompetansedagar for nasjonalparkstyra i Reinheimen, Breheimen og Jotunheimen, blir gjennomført i Utgard kulturhus, i Lom 22.juni 2020. Program - Kompetansedag 22.-23.juni 2020Etter opplæringsprogrammet 22.juni blir det halde styremøte i Reinheimen, ca. kl. 17:00.Innkalling og sakliste - styremøte 22.06.20 

(Publisert:21.06.2020)
Les mer
Vis nyhetsarkiv