Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Norge, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. I vest finn du eit dramatisk landskap - austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer.
Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Her er fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.Galleri Reinheimen
Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Postboks 987, 2626 Lillehammer
E-post: fmoppost@fylkesmannen.no
Nettredaktør: Kristine Sørlie