Meny
Lukk

Søknadar

Verneområdestyret kan, for enkelte føremål gje dispensasjon frå verneforskrifta viss tiltaket ikkje strider mot vernevedtakets føremål og ikkje påverkar verneverdiane negativt i særleg grad.

Søknad bør vere skriftleg og gje tilstrekkeleg informasjon til at verneområdestyret kan fatte vedtak. Gode beskrivingar av tiltak anbefalast, i tillegg kart med trasear og plassering av tiltak, samt byggeteikningar ved søknad om bygging.

Som ein hovudregel bør søknadar om tiltak i verneområdet først og fremst sendast til den aktuelle kommunen, som vidare tek ansvar for å vidaresende saker til verneområdestyret for handsaming etter verneforskrift.