Meny
Lukk

Kom på innspelsmøte om revidering av forvaltningsplan

Det blir i november og desember arrangert innspelsmøter i Flåm, Gudvangen, Lærdal og Fresvik. Her kan du komme med alle dine innspel til den nye forvaltningsplanen for Vestnorsk fjordlandskap - delområde Nærøyfjorden.

Det blir jobba med å revidere forvaltningsplanen for Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden. Denne planen omfattar heile verdsarvområdet, både verneområde og busette område som ikkje er verna. Forvaltningsplanen skal gje retningslinjer for praktisering av verneforskriftene, og råd til forvaltning av dei busette områda. Den skal gje oversikt over viktige problemstillingar rundt bruk og vern, og skissere tiltak som bidrar til ei god og heilskapleg forvaltning av området.

I arbeidet med forvaltningsplanen er det sett ned ei arbeidsgruppe med kommunane i verdsarvområdet, verneområdeforvaltninga og verdsarvkoordinator. Vi ynskjer innspel frå alle som brukar området. Kva har fungert bra og kva fungerer dårleg? Kva har endra seg, og kva er viktig å ha med i den reviderte planen?

Verdsarvområdet dekker areal i dei fire kommunane Aurland, Lærdal, Vik og Voss, og det blir arrangert fire ulike innspelsmøte for å nå ut til flest mogleg. Det blir enkel servering av kaffi og noko attåt.


Kommunehuset i Lærdal onsdag 17. november kl 19.00

Fretheim hotell i Flåm torsdag 18. november kl 18.00

Kaféen i Fresvik tysdag 23. november kl 18.00

Gamle hotellet i Gudvangen torsdag 9. desember kl 18.00


På møtet i Fresvik vil naturlege tema mellom anna vere villrein, tilrettelegging og vedlikehald av stiar og buførevegar, reiseliv og informasjon til besøkande. Skomakarnipa har blitt eit veldig populært turmål. Vi ynskjer innspel til korleis ein bør drive besøksstyring til denne og tilsvarande turmål. Andre aktuelle tema er landbruk, stølshus og byggeskikk i Nærøyfjorden landskapsvernområde.

På møta i Flåm og i Gudvangen vil naturlege tema vere turisme og tilrettelegging, og den belastninga dette kan vere for små bygdesamfunn. Vi ynskjer mellom anna innspel på tilrettelegging for aktivitet på og ved fjorden, og utvikling rundt Stalheim og Stalheimskleiva. I ny forvaltningsplan treng vi meir kunnskap om tilstanden i fjordøkosystemet. Andre aktuelle tema er landbruk, villrein, motorferdsel og byggeskikk på stølshus.

På møtet i Lærdal vil naturlege tema mellom anna vere retningslinjer for forvaltning av Bleia naturreservat og Bleia-Storebotnen landskapsvernområde, jakt, Aurlandsfjellet som innfallsport til verneområda/verdsarvområdet, villreinforvaltning i Nordfjella og bruk av den nedlagde garden på Hausen.