Meny
Lukk

Høyring av besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre legg med dette Besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark ut til høyring.

Har du innspel til korleis det kan leggjast til rette for fastbuande og besøkande, friluftsliv og lokal verdiskaping, samstundes som ein tek vare på natur- og kulturverdiane i Jostedalsbreen nasjonalpark? Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vonar du vil sende inn dine innspel til høyringa av besøksstrategien.

Målet med besøksstrategien er å få til ein samla strategi for besøksforvaltninga rundt Jostedalsbreen nasjonalpark. Gjennom arbeidet skal ein sikre naturverdiane og kulturverdiane i verneområda, samstundes som ein tek vare på busetnaden nær verneområda, legg til rette for lokal verdiskaping og gode opplevingar for besøkande.

I arbeidet med besøksstrategien er det mellom anna sett på kva område i og rundt nasjonalparken som bør leggast til rette for besøk, og korleis vi kan styre ferdsel utanom dei mest sårbare områda.

Sit du på kunnskap som burde vore med i besøksstrategien? Har du innspel til område, stiar og turmål som burde bli betre tilrettelagt for ferdsel, eller område der ein bør unngå ny tilrettelegging eller forslag til gode innfallsportar? Då håpar vi du tek deg tid til å sjå gjennom dokumentet og kome med innspel.


Innspel sendast til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre på e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no.

Merk innspelet med «Merknad besøksstrategi Jostedalsbreen nasjonalpark».

Fristen for å kome med innspel er 1. september 2021.


For spørsmål til besøksstrategien ta kontakt med nasjonalparkforvaltarane:

Tor Arne Hauge toaha@statsforvalteren.no (+47 57 64 31 33)

Marthe Gjerde magje@statsforvalteren.no (+47 57 64 31 31)

Besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark - Høyringsutkast
File icon PDF
Høyringsinnspel - samledokument
Innspel komne inn ved høyringa av besøksstrategi for Jostedalsbreen nasjonalpark - samledokument
File icon PDF