Meny
Lukk

Fotokonkurranse –Jostedalsbreen nasjonalpark 30 år

I høve 30-års jubileet for opninga av Jostedalsbreen nasjonalpark inviterer nasjonalparkstyret til fotokonkurranse!

Har du bilete som viser nokre av dei spesielle kvalitetane i nasjonalparken? Som synleggjer den flotte naturen, dei ulike årstidene, kulturlandskapet eller opplevingar i Jostedalsbreen nasjonalpark?


Då kan du sende inn bilete i to kategoriar:

- Natur og landskap

- Folk og aktivitet i naturen

Det blir flotte premier til dei tre beste i kvar kategori:

1. premie verdi 5 000 kr, 2. premie verdi 2 000 kr, 3. premie verdi 500 kr.

Sjølv om du ikkje vinn hovudpremiane, kan det vanke heider og ære viss bileta dine blir valt ut til å pryde nettsider eller anna informasjonsmateriell for Jostedalsbreen nasjonalpark.

Reglar:

- Bilete sendast på e-post til jostedalsbreen@statsforvalteren.no innan 31. august.

- Kvar deltakar kan sende inn maksimalt tre bilete i kvar kategori.

- Du kan berre delta med bilete du sjølv har fotografert.

- Bileta må vere tekne innanfor nasjonalparken sine grenser, eller med utsikt inn mot nasjonalparken.

- Det må opplysast om kvar bileta er tekne, og namn og telefonnummer på fotograf. Gje gjerne biletet ein tittel eller skriv nokre ord om biletet.

- Send bileta i så stor oppløysing som mogleg (min. 1 MB/800 px).

- Bileta skal vere utan stemnings- eller fargefilter og ikkje innehalde tekst eller vassmerke.

- Dersom det er personar som kan identifiserast på biletet må namn på desse vere med, og dei må ha gitt sitt samtykke til at biletet kan publiserast. Foreldre samtykkjer for barn under 15 år.

- Nasjonalparkstyret vil gjerne bruke flotte bilete de sender inn i vårt informasjonsarbeid. Sei frå om du ikkje vil at vi skal bruke bilda dine.