Til startsiden

Vormedalsheia landskapsvernområde

Utsyn frå morenen Trollgarden
Utsyn frå morenen Trollgarden, Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Vormedalsheia landskapsvernområde (120 km2) blei oppretta i 1991 og ligg i Hjelmeland kommune. Føremålet med vernet er «å ta vare på eit særmerkt og vakkert landskap som gjev eit godt tverrsnitt av Ryfylkenaturen frå fjord til høgfjell, og som inneheld sjeldsynte og sårbare naturelement.»

I seinare år har forsking påvist ein "ny"naturskatt i utkanten av verneområdet: Ritlandskrateret. Her krasjlanda ein meteoritt for 500 hundre millionar år sidan.

Geografisk plassering

Vormedalsheia landskapsvernområde er avgrensa av Jøsenfjorden i nord og vassdraget gjennom Tengesdal og Norddalen i sør. I aust er landskapsvernområdet avgrensa av Grasdalen, Øvredalen og Stølsdalen. Vestgrensa går opp Oksagjuvet, langs nordbreidden av Djupadalsvatnet, Litlevikvatnet og Funningslandsvatnet, vidare i ein boge vest for Kaldavatnet, aust for Liarstølvatnet, nord for Liarstrandvatnet og Vassbotnvatnet, langs vestgrensa av Øyastølsmyra naturreservat, aust for Ritland, Kløv og Helgaland og ned til utlaupet av Helgalandselva. Stølsdalen - Grasdalen ligg som ei korridor mellom Vormedalsheia og Lusaheia, og er ikkje tatt med i landskapsvernområda grunna dei omfattande inngrepa som har skjedd i samband med Ulla-Førreutbygginga.

Vormovassdraget, som er ein vesentleg del av området, blei gjennom verneplan II for vassdrag varig verna mot kraftutbygging 30. oktober 1980. Det var i samband med verneplan II Stortinget forutsatte at også verneverdiane i nedbørssfeltet måtte sikrast.

Øyastølsmyra ligg innafor Vormedalsheia landskapsvernområde, og Øyastøl naturreservat blei oppretta ved kongeleg resolusjon av 12. desember 1986.

Namnet "Vormedalsheia" kan virke forvirrande da det ikkje er samanfall mellom namnet slik det blir brukt lokalt og slik det blir brukt på landskapsvernområdet. Vormedalsheia er eit nytt namn som blir brukt om heia som høyrer til gardane i Vormedalen og på Fundingsland.

Geologi og landskap

Fjellgrunnen i Vormedalsheia er prega av ei klar tredeling av bergartane, noko som er typisk for dei nordaustlege delane av Ryfylke. Denne tredelinga kjem tydeleg til uttrykk i dei karakteristiske fjellsidene i området, til dømes i området Kleivaland-Kvanndal og på austsida av Øyastølsmyra.

Frå Melands-Grønahei, Vormedalsheia. Underst ligg grunnfjellet som pregar det meste av Ryfylkeheiane. Grunnfjellet er stort sett samansett av næringsfattige gneisar og granittar som forvitrar langsamt og gir dårleg jordsmonn. I slutten av jordas urtid (prekambrium, ca. 600 mill. år sidan) blei grunnfjellet tært ned av naturkreftene til ein relativt flat slette, det subkambriske peneplan.

Peneplanet blei oversvømt av havet i jordas oldtid (kambrium, ordovicium og silur, ca. 600-400 mill. år sidan). Oppå grunnfjellet blei det avsett lausmassar som seinare blei omdanna til bergartar. Desse finn vi i dag att som sandstein og fylitt og som konglomerater ved Stråpastøl og Ritland. Dei fleste stader i Ryfylke er desse kambrosilurske bergartane omdanna av trykk og temperatur slik at ein ikkje kan finne fossile plante- og dyrerester. Den einaste staden i Rogaland der ein kan finne fossil er i fylitten aust for Ritland. Dei kambrosilurske bergartane har høgt innhald av næringssalter, forvitrar lett og gir eit godt jordsmonn.

Under den kaledonske fjellkjedefoldinga som skjedde for ca. 395 mill. år sidan, blei store grunnfjellsflak pressa opp og skove over dei yngre kambrosilurske bergartane. Desse flaka blei omdanna til gneisar og kvartsittar under foldinga, som på same vis som grunnfjellet forvitrar seint. Det ein finn att av skiferbergartane og skyvedekket i dag etter millionar av år med erosjon, har oftast form av såter oppå grunnfjellsplatået, med bratte kantar og velutvikla urer. Såteforma får dei fordi erosjonen føregår raskare i skiferbergartane enn i skyvedekket som ligg som eit beskyttande lag oppå. Denne lagdelinga ser ein tydeleg ved blant anna Vassbotnvatnet og Bjørnabu.

I kvartærtida (dei siste 1,5 mill. år) har landskapet blitt omdanna radikalt. Denne perioden har vore prega av ein serie istider. Mange markerte landskapsformer som i dag pregar landskapet, blei danna under og like etter den siste istid (ca. 70.000-8.000 år sidan).

Isens arbeid har ført til at det meste av høgfjellsplatået er eit snauslipt, bortimot vegetasjonslaust landskap.

I dei små forseinkingane som blei danna har det samla seg vatn. Eit typisk trekk for høgfjellsplatået i Ryfylke, er alle desse vatna og pyttane som ein finn i Vormedalsheia og Lusaheia.

Isen har vidare skore ut eit system av dalar i grunnfjellsplatået som stort sett følgjer sprekksonene. Der sprekksystema har gått parallelt med retninga isbreen har bevega seg i, har erosjonen vore spesielt kraftig. Jøsenfjorden, Tysdal-Norddal, Djupadalen og Kvanndalen er typiske døme på den enorme evna isen har til å erodere.

Det er også mange døme på landskapsformer som blei danna da isbreen smelta for 6.000-10.000 år sidan. Grusrygger frå Ra-tida finn ein blant anna ved Vassbotnvatnet, nord for Vikestølsheia og på Storheia. Etter Ra-perioden gjorde isen eit nytt framstøyt for om lag 9700-9900 år sidan. Det nye stadiet vart kalla Trollgarden-trinnet. Den mektige Trollgarden, som ligg aust i Vormedalsheia, er ein imponerande fleire km lang og opptil 7m høg skarp morenerygg, som består av steinblokker som varierer i storleik frå ein fotball til eit hus.

Smeltevatnet frå isen og elvane har fortsett å erodere der breen byrja. Lausmassar har blitt frakta og avsett av elvane, terrasser og delta har blitt danna. Den elveerosjonen som har skjedd etter istida har ikkje makta å endre dei store formene og dominerande landskapstrekka i området. Likevel har elvene sett sitt preg på landskapet, som til dømes elvegjel nedafor Stropastølsvatnet og Vassbotnvatnet, og elvevifter ved Bjørnabu og Øyastøl.

Ritlandskrateret: Kor ein metoritt krasjlanda for 500 millionar år sidan

For ca. 500 millionar år sidan slo ein meteoritt ned på jorda og skapte eit krater som var  ca. 2,7 km på tvers og 400 m djup i eit grunt hav. Krateret blei fylt med marine sediment og etterpå blei krateret skjult djupt under bakken.

Men erosjon og verking av vatn og is har frigjort denne geologiske skatten like ved Ritland, kor dette enno ligg urørt i utkanten av Vormedalsheia landskapsvernområde. Området er lett tilgjengeleg og viser, med litt hjelp, historia av den voldsomme hendinga og kva som skjedde etterpå.

Les meir om Ritlandskrateret på eiga nettside.

 

Vegetasjon

Kjennskapen til floraen varierer sterkt for dei ulike delområda. Myrene og fjellplantene i dei sentrale delar av Vormedalsheia er godt kjende. For resten av Vormedalsheia er kjennskapen middels, mens det er dårleg for Lusaheia og Djupedalen-Tysdalen-Norddalen.

Skog er utbreidd i den vestre halvdel av Vormedalsheia.

Skogvegetasjonen består for det meste av lyngfuruskog og bjørkeskog. Den grunnlendte, fattigaste furuskogen er open, lågvaksen, fuktig og rik på mose, og artar som røsslyng og blokkebær dominerer. På relativt tørre morenar som t.d. ned mot Kleivaland, veks høgvaksen furuskog der blåbær dominerer, saman med artar som einstape og blåtopp.

I fuktige baklier og stader med sigevatn dominerer bjørk. Slike bjørkelier er fint utvikla vest for Øyastølsmyra. Den fattigaste utforminga dekker dei slakare delane av lia. Blåbær dominerer, men planter som frytle, skrubbær, linnea og fugletegl er vanlege. I tresjiktet veks spreidde furutre. I noko brattare parti er tilførsla på sigevatn større, og gauksyre, hengeveng og skogburkne kjem inn i tillegg.

I nokre sig finn ein rikare bjørkeskog med artar som skogstorkenebb, kvitbladtistel, skogfiol og jordbær. Ned mot myra er denne bjørkeskogen sterkt beitepåverka og grasrik, med innslag av gråor i tresjiktet. Her finn ein også busker av lappvier og sølvvier. Dette gjev skogen eit svakt subalpint preg som ein sjeldan finn i Rogaland. Aust for Øyastølsmyra finn ein liknande grasrike bjørkeskogar.

Edellauvskog finn ein berre i små bestandar, mellom anna i lia mot Jøsenfjorden og ved Trodla-Tysdal. Skogsområda er brotne opp av heiar, for ein stor del fuktheiar med klokkelyng, bjønnskjegg, rome, heisiv, blåtopp og røsslyng. Men røsslyng-blokkebærheiar er òg vanleg, og på ryggane inngår det gjerne rypebær og greplyng.

Barskoggrensa ligg i overkant av 500 m.o.h., mens fjellbjørkeskogen strekk seg eit par hundre meter høgare.

Fjellsmelle. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.noVegetasjon og flora på grunnfjellsområda er fattig, men svært vanleg for Ryfylkeheiane. Ulike artar av lyng, gras og halvgras dominerer. I dei høgareliggande fjellområda er store fjellparti så godt som vegetasjonslause. Dette gjeld mellom anna dei austlegaste delane av Vormedalsheia. I sterk kontrast til dei blankskurte områda, står vegetasjonen på område med skifer i berggrunnen. Denne kontrasten er ekstra tydeleg på Melands-Grønahei, der eit større område er dekka av eit tynt skiferdekke som grensar opp til grunnfjellet. På skifergrunnen finn vi eit samanhengande grønt vegetasjonsdekke, mens grunnfjellsområda er blankskurt berg.

Det er knytta særskild interesse til vegetasjonen i dei bratte skifersonene og rasmarkene under. Særleg gode område finn ein ved Skardshei og Storhei. Her finn ein svært rik fjellflora med mange sjeldsynte plantar. Her veks norsk malurt, fjellnøkleblom, snømure, fjellrublom og skredarve. Bergjunker veks på nokre lokalitetar ved Gråanibba og Brendeknutene aust i Vormedalsheia. Fleire av desse artane har her si sørgrense i Noreg. At ein finn strandkjempe her som elles stort sett veks i strandsona i ytre kyststrok, fortel at området har oseanisk klima.

Området er rikt på myrer, spesielt dei vestlegaste delane av Vormedalsheia. I samband med utarbeidinga av verneplan for myrer i Rogaland, blei ein del myrer i området nærare undersøkte. Dette gjeld Øyastølsmyra - som i dag er eige naturreservat - myrene ved Vassbotnvatnet og Bjørnabu, og på Melands-Grønahei. Det aller meste av myrene i Rogaland er fattige jordvatnmyrer. Områda ved Øyastøl har soner av kambrosilurske bergartar som er lite omdanna, og fylittskifrane har høgt næringsinnhald.

Fugle- og dyreliv

Aure er utbreidd i området, og vatna er ofte svært fiskerike. Ål finnast i Vormovassdraget. Laks går eit stykkje opp i Vormo. Røye finn ein i nokre fjellvatn.

Av reptiler og amfibier er frosk, stålorm og hoggorm påvist i Vormedalsheia.

Fugl
Når det gjeld fuglelivet varierer kjennskapen frå del til del av områda. Totalt er 83 artar påvist i områda, dei aller fleste som hekkefuglar.

Vassfugl
Av ender er berre brunnakke påvist, men det er truleg at stokkand og krikkand hekkar i dei vestlege deler av Vormedalsheia. Storlom er funne hekkande i området.

Rovfugl og ugler
Til tross for at området ikkje er undersøkt i gode smågnagarår, tyder det på at det er godt med rovfugl i området, særleg i Vormedalsheia. I dei bratte fjellsidene hekkar kongeørn år om anna. Av andre rovfugl som ofte hekkar i klipper, førekjem fjellvåken i smågnagarår. Denne arten er også observert i Storådalen. Hønsehauk er påvist i typiske hekkebiotop, storvaksen furuskog i Vormedalen, og han hekkar truleg også i den nordvestre del av Vormedalsheia. Kattugla skal vera vanleg i Vormedalen, og hekkar truleg også ved Helgaland og Trodla-Tysdal. Hubro er funne på fire lokalitetar, og det er realistisk å rekne med ca. 5-6 hekkande par.

Hønsefugl
Fjellrype. Foto: Thommassen/SkåtanDen storvaksne furuskogen rundt Vormedalen er ein typisk hekkebiotop for storfugl, og han er også påvist i området sjølv om ingen spelplassar er kjende. Orrfugl er relativt vanleg i dei vestre delane av Vormedalsheia, mens dei austlege delane samt Lusaheia er viktige produksjonsområde for rype, særleg fjellrype. Blokkrike grunnfjellsflater tykkjer å vera gunstige for fjellrypa, og denne biotoptypen er utbredt i området.

Vadefugl
Vadefuglfaunaen i området er relativt rik til å vera i Ryfylke. Tjeld og vipe hekkar i kulturlandskapet, mens strandsnipe, rugde og enkeltbekkasin hekkar på eigna stader i skogsområda og lågheia. På høgfjellet hekkar raudstilk, heilo og fjøreplytt, dei to siste i relativt tette bestandar. Særleg ser Melands-Grønahei å peike seg ut som eit viktig hekkeområde for vadefugl.

Spetter
Denne sårbare gruppa er representert med vendehals, flaggspett og dvergspett, der vendehals er den mest vanlege. Spesielt interessant er funnet av flaggspett i typisk hekkebiotop i Vormedal, da denne arten hekkar svært fåtallig i Rogaland.

Spurvefugl

Denne gruppa er representert med ca. 50 artar i området, og omfattar dei fleste typiske hekkeartane for Ryfylke så vel som ein del sjeldnare artar. Av artar som hekkar i området finn ein bl.a. sandsvale, tornskate, gulsongar, møllar, toppmeis, furukrossnebb, sivsporv, snøsporv og blåstrupe (Fylkesmannen i Rogaland 1986).

Hjortedyr
Alle dei fire norske hjortedyrartane førekjem i Vormedalsheia. Hjorten har kalvingsområde og sommarbeite ved Nordstølshei og er observert i Kvanndal og ved Stakkstøl. Hjorten oppheld seg stadig meir i heia. Rådyr har heilårsområde utafor landskapsvernområdet, med vinter- og vårbeite langs Risåna og mellom Vormo og Tøtland, men er observert heilt inne ved Trollgarden. Av elg er det ein fast stamme i dei vestlege deler av Vormedalsheia. Elgen har heilårsområde og kalvingsplass nord for Fundingslandsvatnet og er observert ved Kvanndal og Stakkstøl. Utafor verneområdet nordvest for Vikestølheia har elgen heilårsområde, aust og sør for Nordstølheia er det kalvingsområde og vinterbeite. Elgen har trekkrute over Nordrahei og Nonsknuten og øvst i Bulia ned mot Jøsenfjorden. Streifdyr av elg finn ein også i høgfjellsområda med trekk over og på begge sider av Skardheia, gjennom Austmannsskardet og ut mot Djupadalen. Vidare går trekket sør for Nov og austover heia langs Djupadalen og Stutadalen.

Villreinen sin bruk av området
Ein del av fostringsflokkane som går aust for Blåsjø- og Svartevassmagasinet om sommaren og hausten, trekkjer vestover mot Lusaheia, Vormedalsheia og Årdalsheiane på vinterbeite i januar og februar alt etter kor mykje snø og nedising det er austpå. Før Blåsjøutbygginga kunne det vera 5-600 dyr berre i Vormedalsheia, under og etter har det vore klart mindre, heilt ned mot 2-300 dyr. Ein tilsvarande trend hadde ein for områda vest for Nilsebuvatnet. Dyra står i desse områda fram til april-mai. Då dreg dei attende til kalvingsplassane aust for Blåsjø- og Svartevassmagasinet, berre ein del mindre bukkeflokkar og nokre simler vert att til hausten. Vormedalsheia ligg i utkanten av dei sentrale villreinområda, men er ikkje mindre viktig av den grunn. Villrein trekk heilt ned til bjørkeliene vest i Vormedalsheia når det er mykje snø. Vormedalsheia er såleis eit viktig vinterbeiteområde.

Rovdyr
Av rovdyr er raudrev og mår vanlege. Fleire smågnagerartar og mindre mårdyr finst i området, men førekomsten er ikkje kartlagt.

Kulturhistorie

I Vormedalsheia er det ikkje funne nokre fornminne (kulturminne frå før 1537), noko som skuldast at det ikkje har vore gjort registreringar i området. Men truleg vil det vera spor etter fortidas menneske også her.

Vormedalsheia er rik på kulturminne. Rett utafor landskapsvernområdet ligg ei rekke gardar. Ved Øvre Tysdalsvatn ligg Trodla-Tysdal, kor det bur folk i dag. Det har vore fleire husmannsplassar under Trodla-Tysdal. Innafor verneområdet på nordsida av Tusso ser ein tufter etter husmannsplassen Grovene. Det som var innmarka til Grovene er inngjerda av steingardar som delvis er oppmurt innimellom store rasblokker. Midtvegs opp i Norddalen ligg garden Tengesdal som blei fråflytta på slutten av 1800-talet. Frå Trodla-Tysdal og opp til Tengedalsvatnet går det ein gamal veg. Vegen blei rydda og oppmurt omkring 1820 og er framleis godt synleg. Sørvest for Vormedalsheia ligg tre gardar, Kløv, Helgaland og Ritland. Gardane blei fråflytta cirka 1960. Desse gardane er viktige element i kulturlandskapet og har påverka og forma landskapet rundt. På sørsida av Jøsenfjorden finn ein spor etter husmannsplassane Gåsnes og Galgehaugen. På Gåsnes har det vore husmannsplass og ein finn spor etter utløe. Ved Følekammane ser ein framleis tufter etter husmannsplassen. På nordsida av Fundingslandsvatnet låg husmannsplassane Holmen og Sandvika.

Søraust av Fundingsland og Vikestølsheia har det vore ei rekke stølar, Sandvika, Jonsstøl, Torsstøl, Bjørndalen, Øyestøl, Stikkstølen, Vasstølen, Skithol, Fjellsenden, Kvanndal, Gjotastig, Ottestøl, Bjørnabu, Stropastøl, Raudkleiv og Krostøl. Jonsstøl og Torsstøl har vore stølsplass for Fundingsland. På Torsstøl blei det slutt på stølinga rundt århundreskiftet. Hytta ved Torstøl er bygd i 30-åra på same plassen som det var stølshus. På Jonsstøl veit ein ikkje om det har vore støla, men ein finn rydningsrøyser her. Det er ingen spor etter gamle tomter, og hytta som står her i dag blei bygd på slutten av siste verdskrig. På Nordaheia finn ein spor etter 2 løer. To bruk, Skårane og Kalvehagen, delte beite på Nordaheia og hadde kvar sin utslått. Skårane som det blei budd på lengst, blei fråflytta rundt 1913. I Bjørndalen var det støl for Fundingsland. Ved Vasstøl har det vore ein støl, og ved Stakkstøl har det vore stølar, 5-6 løer og stakkerplasser. Ved Vasstøl og Stakkstøl står det bygningar i dag.

I området rundt Vassbotnvatnet og Liarstrandvatnet har det vore 10-12 utløer, og støl ved Ottestøl og Kvanndal. Ved Ottestøl, Vassbotnen, Botnen og Kvanndal står det bygningar i dag. Stølinga vart nedtrappa på byrjinga av 1900-talet og var for det meste avvila etter andre verdskrig. Nokre gardar har hatt vår- og sommarstøl. Meland hadde sommarstøl ved Gjotastig og Fjellsenden, Tøtland ved Skitholtjørna, Kleivaland ved Stropastøl og Ritland ved Raudkleiv. Ved Bjørnabu, Stropastøl og Raudkleiv står det bygningar i dag. Lauv og lyng har vore sanka som tilleggsfor.

Bruk av område i dag

Vormedalsheia blir brukt til friluftsliv, og det ligg to turistforeiningshytter innafor området, Melands-Grønahei og Trodla-Tysdal. Eidavatn ligg i Lusaheia. Grasdalen, Nilsebu, Litle Aurådalen og Storsteinen ligg utafor verneområda, men er del av løypenettet i landskapsvernområda. I tillegg til overnatting på hyttene, kjem telting langs dalføra.

Heia er viktig som beite for sau og næringsgrunnlag for villrein. Vormedalsheia er eit viktig område for storvilt- og småviltjakt.

Kjelder

    Fylkesmannen i Rogaland 1986. Ein oversikt over naturforhold og verneinteresser i Vormedalsheia og Lusaheia i Hjelmeland kommune, Rogaland. Stavanger.
    Fylkesmannen i Rogaland 1993. Forvaltingsplan for Vormedalsheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune, Rogaland.
    NOU 1974:39. Fjellplan for Setesdal Vesthei. Universitetsforlaget, Oslo, Bergen, Tromsø.
    Planfagleg rådgjevingsgruppe 1986. Heiområdet Setesdal-Ryfylke. Framlegg til mål og retningslinjer for arealbruk. Framlegg frå ei planfagleg rådgjevingsgruppe for heiområdet Setesdal-Ryfylke oppnemnt etter initiativ frå fylkesmennene i Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Kristiansand.
    Steinnes, Audun 1988: Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland. Økoforsk rap. 1988:12. Ås-NLH. Styringsgruppa for forprosjektet til fleirbruksplan for Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane 1991. Fleirbruksplan for Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane. Forprosjekt. Kristiansand.

(Publisert:05.12.2012 Sist endret:28.03.2016)