Til startsiden

Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsverneområde

Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle.
Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde blei oppretta i 2000 som det andre største verneområdet i landet. Området er 2 385 km² og går inn i i fylgjande kommunar: Bygland, Bykle og Valle i Aust-Agder, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal og Åseral i Vest-Agder og Forsand i Rogaland.


Kvifor vern?

Føremålet med Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde er:

  • Å ta vare på eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne.
  • Å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

 

Landskap, geografi og geologi

Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane blir bruka som fellesnamn på hei- og fjellområda som grensar mot Ryfylkefjordane i vest og Setesdalen i aust. I nord, over Haukeli, grensar området mot Hardangervidda. Mellom Hovden og Haukeligrend i nordaust, er Riksveg 9 grense mot Setesdal Austhei. I sør har heiområdet ikkje noka tydeleg topografisk grense. Området omfattar fjordar, heiar, blankslipt grunnfjell og lune dalar med stølar.

Heiområdet mellom Setesdal og Ryfylke byr på stor variasjon i natur. Omgrepet hei reflekterer den dominerande naturtypen i området, og det er brå overgangar mellom lågland og høgfjell i samband med djupe fjordar og dalar. Høgdedraget Rjuven i 1200–1400 moh. markerer klåre kontrastar til det rolege og småkuperte heilandskapet mellom 600–1200 moh. elles. Vekstvilkåra i området varierer frå frodige stølsdalar, og område med rik kalkkrevjande vegetasjon og mange skrinne område med lite lausmassar og sparsam vegetasjon. I hovudsak er heiområdet eit variert naturlandskap med kulturpåverknad gjennom beiting.

Det meste av Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane ligg sentralt i det største grunnfjellsområdet i Noreg, som strekkjer seg i frå Hardangervidda ned til Skagerrak-kysten. Det representerer ein av dei best bevarte delane av urkontinentet Det baltiske skjoldet, og har i geologisk forstand lege i ro sidan urtida til jorda. I motsetnad til andre delar av landet som har blitt utsett for overskyvningar av fjelldekke, foldingar, overfløyming av hav og liknande er landskapet i grunnfjellsområda i hovudsak eit resultat av slitasje frå is, vatn og vind gjennom 600 millionar år.

Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane var ei nesten flat slette frå urtida fram til tertiærtida for 65 millionar år sidan. Ei heving av landet, mest i vest, førte til ein bratt vestvegg mellom hav og fjell. Elver skar seg ned i landet og forma djupe dalar som seinare vart til dalar og fjordar slik me ser dei i dag.

Den endelege utforminga av terrenget med djupe dalar med bratte sider og flat botn, mange vatn, grunne lausmassar i høgda og oppsamling av vasshandsama materiale i dalbotnen, er resultat av aktiviteten til is og smeltevatn i løpet av dei siste to millionar åra (kvartærtida).

Ein kraftig iserosjon resulterte i at det meste av lausmassane i heiområdet vart transportert med isen mot havet mot slutten av siste istid for 10 000 år sidan. Erosjonen var kraftigast og mest effektiv lengst i vest. I daldrag mot austre del av heiane er det meir lausmassar, særleg i dalar med retning nord-sør, på tvers av den retninga isen flytta seg. Elles i heiområdet er det for det meste bart fjell eller eit tynt morenedekke. I dei høgare heiområda er det for det meste bart fjell eller eit tynt morenedekke. I dei høgare fjellområda er det stadvis som følgje av frostsprenging store forekomstar av blokkmark. I dei bratte fjellsidene dominerer svaberg og rasmark.

Grunnfjellet er samansett av stadeigne sure, harde og næringsfattige bergarter av prekambrisk alder. Saman med den kraftige iserosjonen som frakta lausmassane bort, er grunnfjellsbergartene opphavet til det næringsfattige og karrige preget som dominerer heiane. Sør for Steinbuskaret i Bykle er området samansett utelukkande av djupbergarter (granittiske bergarter), samt omdanna bergarter (i hovudsak gneis). Desse bergartene er dominerande også nord for Bossvatn, men her finn ein fleire djupbergarter. Ved Store Urar og Holmevatn finn ein eit større område med omdanna vulkanske bergarter.

Den nordvestre delen av heiane i Bykle skil seg frå resten av heiområdet ved at berggrunnen stadvis er kambrosilurske sedimentbergarter (fylitt) som gir næringsrike lausmassar med tilhøyrande rik vegetasjon. Denne type landskap er austre delen av ein landskapstype som i all hovudsak ligg i Suldal og deler av Hjelmeland i Rogaland.

Heilt mot grensa mot Telemark finn ein andre omdanna vulkanske basiske bergarter som grønstein og amfibolitt. Dei basiske bergartene frå desse områda kan ein finne i morenemasse og som blokker langt borte frå der desse bergartene dominerer.

Flora og fauna

Omtale er henta i frå Åsen (1995).
Heiane fell innafor tre vegetasjonsregionar: Nordboreal region (fjellskogsone), lågalpin region, og mellomalpin region (Dahl m.fl. 1986). Dette er Noregs sørlegaste utlaupar av den nordboreale regionen, eit område som her er dominert av fjellbjørkeskog, med stadvis noko glissen furuskog. Fattigmyr (jordvassmyrer) dekker store areal. Regionen kjem også inn aust og nord i heiområdet, i Ljosådalen i Valle og i området Vatnedalsvatn - Store Førsvatn i Bykle. Vegetasjonen er einsformig og fattig, men i einskilde rasmarker og i berg som vender mot sør, kan ein finne ein rikare flora med høgstaudesamfunn. Skoggrensa dannar øvre delen av denne regionen og den varierer difor med topografi og himmelretning, men beite kan stadvis verke inn på tregrensa. Heilt i sør i heiområdet går bjørkeskogen til om lag 800 moh. Mest særmerkt er Vestvassdalen i Lyngdalsvassdraget i sør og Ljosådalen i Valle kommune i nord. Ljosådalen skjer seg inn i landskapet og er tresett med fjellbjørkeskog opp til om lag 1000 moh. Her finst ein glissen fjellfuruskog med store, gamle tre. Lenger nord i Bykle går tregrensa opp til om lag 1000 moh.

Over skogrensa tek den lågalpine regionen til. Areal som fell innafor denne regionen, utgjer det meste av heiane. Her finst det sørlegaste høgfjellspartiet i Noreg, med blåbærhei og viersamfunn som vanlege og karakteristiske plantesamfunn. Fattige jordvassmyrar finst også i denne regionen. Ein kan og skilje mellom rabbe- og snøleiesamfunn. Di høgare ein kjem innafor regionen, di meir glissen vert vegetasjonen, og øvre grense for regionen vert rekna der blåbærlyngen ikkje lenger dannar samfunn. Dette er om lag 1250–1400 moh. Dei sure og harde bergartene i heiområdet gjer at talet på arter innafor regionen er lågt. Regionen er dominert av fattighei med ulike lyngartar som viktigaste planter. I snøleiene veks ein særmerkt vegetasjon, alt etter kor lenge snøen ligg. Der det er kort snødekke, finn ein grashei med arter som gulaks og smyle. Der snøen ligg lenge, finn ein ikkje høgare plantar, men mose. På grunn av det vedvarande beitetrykket i frå sau, er den dominerande grasarten finnskjegg. Stadvis finn ein dvergbjørk som dominerande art i busksjiktet. Områda nordvest i Bykle, med næringsrike bergarter, skil seg i frå resten av regionen i området med ein mykje rikare vegetasjon.

Den vegetasjonsregionen ein finn i dei høgste partia, er mellomalpin region. Der veks berre dei mest hardføre lyngartene som tyttebær og krekling. Mosematter og snøleievegetasjon er og vanleg. Ein finn berre fragment av denne regionen i dei høgste områda, over om lag 1250 moh.

Simle med kalvHeiområdet gjev i det store og heile eit einsformig inntrykk, då lågalpin lynghei og fattig myrvegetasjon med om lag 25 plantearter dominerer. Av 231 fjellplantearter som finst i Noreg (Danielsen 1971), er 109 funne i heiområdet. Av desse har minst 22 si sørgrense i Noreg i dette heiområdet.

Villrein og øvrig vilt

Villreinstamma i Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane er Europas sørlegaste villreinstamme. Stamma har noko kontakt i nord med stamma på Hardangervidda. I nord- aust vekslar dyra i bruken av områda i Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane og nordre del av Setesdal- Austhei.

Villreinstamma i Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane møter frå naturen si side store utfordringar i kampen for å overleve. Dette skuldast særleg to tilhøve:

  •     lite lav i vinterbeita ( reinen må difor beite på planter som er tunge å fordøye)
  •     vinterbeita er ofte vanskeleg tilgjengelege pga. mykje og hardpakka snø og nedising av beita.

 

Trongen til å vandre over store område er eit særdrag i villreinen sin måte å leve på. Store samanhangande område er difor naudsynt for at villreinstamma skal overleve.

Elg- og hjortebestanden i heiområdet har vore aukande. Hjort trekkjer regelmessig heilt opp på snaufjellet i vestre del av heiområdet. Streifdyr er sett i sørområdet. Bjørkeskogen aust og sør i heiområdet har gode bestandar av elg. Streifdyr er sett heilt inne på snaufjellet.

ElgokseAv store rovdyr er det berre gaupe som er påvist reproduserande i kantane av heiområdet dei siste åra. Ho ynglar regelmessig i Bygland- Åseral- Hægebostad området, men dei mest brukte områda ligg i dei skogkledde dalsidene. Jerv vert regelmessig observert.

Det meste av området har god tettleik av fjell- og lirype. I dei sørlegaste delene finn ein særs gode og stabile produksjonsområde for lirype.

Høg tettleik av småvilt gir grunnlag for gode bestandar av store rovfuglar som kongeørn, jaktfalk og hubro. Dette er sjeldsynte viltartar i Noreg. Heile snaufjellet er aktuelle område for jaktfalken, og han har ein regelmessig og god produksjon. Hubroen finn ein og regelmessig i heiane.

Andre hekkande fuglearter i heiområdet som er med på raudlista er storlom, smålom, dvergspett og svartand. Storlom og smålom er berre påvist hekkande eit fåtal gonger. Dvergspett hekkar regelmessig i området. Ein monaleg del av den norske bestanden av svartand hekkar i desse fjellområda.

Området er sørgrense for utbreiing av dei fleste vanlege fjellviltartar i Noreg. Omlag 10 fugleartar har si sørlegaste utberiing i Noreg i dette heiområdet. Av dei pattedyra som har si utbreiing i fjellområda i Noreg, finn ein ikkje ynglande bestandar av jerv og fjellrev. Ein har stadfesta at fjellreven tidlegare fanst i området då fleire stader har namn der ordet melrakk ( gamalnorsk namn på fjellrev) inngår. Fjellreven er lett å fange og vart truleg utrydda i heiområdet litt inn i dette hundreåret og er sidan berre observert frå tid til annan. Omlag samstundes vart jervestamma utrydda. Det er vist frå andre område at fjellreven er avhengig av åtsel om vinteren. Fråver av jerv som jaktar rein kan difor forklare kvifor ein ikkje har fjellrev i dette heiområdet no.

Kulturminne

Veiding og fiske

Reinsdyrgrav ved Reinevatn.Til alle tider har heiområdet vore brukt til aurefiske og til veiding etter rein, ryper, falkar og småvilt. Folk tok heieområdet i bruk etter kvart som isen trekte seg tilbake ( ca. 8- 7000 f. Kr.). Dei kulturane som følgde, steinalderen og bronsealderen, var begge steinbrukande kulturar som varde til ca. 500 f. Kr. Livsgrunnlaget var veiding og fiske. Område som vart sette under vatn for 1960- åra, vart aldri undersøkte. Etter 1960- åra, derimot, har ein undersøkt kvar gong det har vore utbyggingsplanar, og ein har funne fleire ting frå steinbrukande kulturar, men dei fleste finnestadene står under vatn no.

Også i ettertida, etter dei steinbrukande kulturane, har heiane vore brukte mellom anna til veiding og fiske. Nordvest for Hovden, i Dyreheii, ligg Breive- Storheller og Skutesteinen tett ved einannan. Dei inneheld namngjetne runer og dyreteikningar etter veidemannsfolk frå ca. 1100- talet.

Den strekninga av heiområdet som har vore mest brukt til veiding etter rein, er dei sentrale delane av heiområdet i frå Haukelifjell sørover til Aurdalen. Det vil seia grensetraktene mellom Bykle, Suldal og Hjelmeland kommunar. Denne strekninga brukar rogalendingar å kalla Dyraheio, setesdølane Dyreheii. Nesten alle fangstanlegg, det vil seia bogestiller og dyregraver, finst på denne strekninga. Nokre av desse fangstanlegga kan vera svært gamle. Spreidde veidemannshellerar finst også. Rett nok vart mykje av dette sett under vatn ved oppdemminga av Blåsjø, men mykje ligg enno urørt. Det har også vore veida etter rein i dei sentrale delane av heiområdet vidare sørover. Men det finst nesten ingen fangstanlegg der. Derimot har desse heiane vore mykje brukte til krøterbeite.

Heiområdet har alltid lege svært langt i frå tradisjonelle samiske område. Men ca. 1890- 1914 kom det samar for å gjeta rein i grensetraktene melom Bykle, Suldal og Hjelmeland kommunar.

Heibergheiane


Ei historie om Thorvald Meyer Heiberg og luksusjakt i Heibergheiane

 

Kring 1. verdskrigen kjøpte Oslo- mannen Thorvald Heiberg opp store areal i dei sentrale delane, både nord og sør for Rjuven. Han bygde opp eit nett av hytter og leigde ut aurefiske og retten til å veida rein og ryper. Han bygde opp eit nett av hytter og leigde ut aurefiske og retten til å veida rein og ryper. I samband med 2. verdskrigen overtok staten eigedomen. Eigedomen heiter no Njadarheim, og vert forvalta av Statskog. Nokre heiberg- hytter står enno i området Rjuven, nemleg Gyvatn, Ljosådalstrongen, Krørne, Bossfjell- lega, Sigurdsheller og Storevatn. Dei er bygde i ein særmerkt stil.

Lordehytta ved Vivatn i ÅseralI Åseral kommune, i Knaberøysi, står Lordehytta, bygd 1912 av ein norsk- ætta skotsk lord. Der jakta han ryper om haustane.

Mineralutvinning

Jernalderen tok til ca. 500 f.Kr. I den fyrste tida vart jernet anten innført frå utlandet eller utvunne ved kysten. Men ca. 800-1400 var Hovden-området ein viktig leverandør av jarn til heile Sør-Noreg. Der er restar av hundrevis av kolmiler, det vil seia groper der ved vart ufullstendig forbrend til trekol. Og der er tufter etter mange blesterhus, det vil seia hus med stein-omn der folk elda med trekol for å smelta jern ut or myrstykke. Ein del av Hovden-området er freda som Vidmyr myrreservat og Hovden landskapsvernområde, og i Hovden sentrum er det lagt til rette med turvegar og jarnaldermuseum.

Nær Breive-Storheller, i Dyreheii, nordvest for Hovden finst det restar etter ei molybdenglans-gruve. Desse vart drivne periodevis 1910-19. Alle dei andre molybdenglans-gruvene låg i Knabeheiane. Skjerpa er frå 1700-talet og gruvene vart drivne periodevis 1885-1973. Det har også vore nokre få andre gruver og skjerp etter molybdenglans og etter kopar.

Gardane kring kantane av heiområdet

Veiding og jernvinne var attåtnæringar for gardbrukarar. Difor må ein sjå kulturminna i utmarka i samanheng med kulturminna i innmarka. Gardane låg kring kantane av heiområdet.

I nokre få tilfelle har det vore husmannsplassar og frikjøpte gardsbruk inne i sjølve heiområdet. Det gjeld Ljosådalen i Rjuven, (busett til 1869), Ånebjør ved Valle-Byglandsheiane (busett til 1960-åra), Pytten (busett 1788-1954), Bustøl(busett ca. 1845-1864) og Håheller (busett ca. 1818-1844) i Byglandsheiane, og Salomonsheller (busett 1821-1850) i Lyseheiane.

Heieslått i heimeheiane

Overfolkning i bygdene kring heiområdet tvinga folk til å slå høy på heiane, både i tida før Svartedauden (i 1349) og frå ca. 1650 til ca. 1950. Det var ytterkantane, den såkalla heimeheia, kring heiområdet som vart brukt til heieslått. Folk sette opp høyløer og høystakkar. Innimellom sette dei opp stølsbygningar til å overnatta i. Dei fleste stølane vart oppretta på 17-1800-talet. Det særmerkte for Sørvest-Noreg var at stølane vart drivne som fullseterbruk. Det vil seia at stølane vart drevne som sommar-gardar for heile familien med alt sitt heimekrøter, fyrst og fremst for å slå høy for vinteren. Kring 1950 førde samfunnsutviklinga til at heieslåtten tok slutt, og stølane vart nedlagde. Det står enno verneverdige stølsbygningar på nokre av stølane i Valle kommune. Særleg må nemnast Rossåsen og Øyan i Rjuven, begge nedlagde kring 1950, bortsett frå eitt stølsbruk på Øyan som vart drive heilt til 1964. I Rjuven ligg Bossbulega, Juvasslega og Augundstjørn som også må nemnast. Desse tre var fyrst drifteleger, men var stølar frå kring 1820 til kring 1950. Det eine stølsbruket ved Augundstjørn vart drive til 1960-åra. Der står også verneverdige stølsbygningar på Urevasstølen i Rjuven.

I Valle-Byglandsheiane står enno Hægestøyl som var både støl og overnattingsplass for ferdafolk. Elles er dei fleste gamle stølsbygningane i heiområdet anten forfalne, nedrotna eller ombygde. Sidan ca. 1950 har heimeheia blitt brukt til beite for sauer som går heilt fritt.

Krøterbeite i drifteheiane

Overskot av krøter i vest og underskot av kjøt i byane i aust førde til at krøtertrafikken oppstod ca. 1750. Krøteret vart oppkjøpt i bygdene i vest, særleg i Rogaland, men også i heiebygdene på Agder. For fyrste gong vart nokre av dei sentrale delane av heiområdet teke i bruk til krøterbeite. Om haustane vart krøteret sanka til slakt i Kristiansand og Arendal.

I 1830-40-åra vart Agder-krøteret einerådande i den sørlegaste og søraustlegaste av dei sentrale delane. Og marknaden i Kristiansand og Arendal vart metta av Agder-krøter. I 1830-40-åra trekte Rogaland-krøteret seg lenger nordover og tok heile dei sentrale delane i bruk til beite, heilt nord til Aurdalen (på nordvestsida av Rjuven), der Dyreheii tek til. Etter dette omskiftet i 1830-åra vart Rogalandkrøteret sanka tilbake til Rogaland, slik at bøndene der fekk att krøteret sitt om haustane.

Eit isolert område mellom Hovden og Haukelifjell, nordaust for Dyreheii, vart brukt til beite for Fjellgards- og Telemark-krøter. Det vart sanka til slakt i Kongsberg, Drammen og Oslo.

Såleis vart altså heile dei sentrale delane av heiområdet, med unntak av Dyreheii, teke i bruk som krøterbeite. Krøteret som beita i dei sentrale delane, vart gjett på ein måte som dei kalla legegjeting. Det gjekk ut på at hjuringane overnatta, saman med krøteret, på visse leger. På ei lege var der somtid ein heller, somtid berre ei bu eller eit halvtak, der hjuringane kunne liggja, og så låg krøteret på vollen utanfor. Når hjuringane hadde gjett nokre dagar kring ei lege, flytte dei til den neste. Såleis vandra dei som nomadar mellom legene, innafor den teigen som høyrde til ei driftehei. Krøterflokken vart kalla drift, av di han vart driven frå stad til stad. Og dei sentrale delane av heiområdet, der driftelegene låg, vart kalla driftehei. Driftekrøteret var både storfe, geiter og sauer.

Det særmerkte for dei sentrale delane av dette heiområdet, med unntak av Dyreheii, er at det der var uvanleg tett med drifteleger samanlikna med Hardangervidda og område vidare nordover. Legegjetinga tok gradvis slutt frå kring 1900 til kring 1910 og driftelegene vart nedlagde. Nokre få stader vart det gjort forsøk på å ta opp att legegjetinga i 1917-1923. I ettertida har dei sentrale delene berre vore brukt til beite for sauer. I ei overgangstid førekom det såkalla "styregjeting", ei mildare form for gjeting, ut frå nokre få faste hytter. No er det berre att "styregjeting" ut frå Vide Lega. Etter 1953 har ein elles gått gradvis over til å la sauene gå heilt fritt.

Bruk av området

Gangevegar

Over heiområdet gjekk det fleire gangevegar. Dei var, og er enno, merka med knyllingar. Ein knylling er ein einskild stein som folk har lagt oppå ei steinblokkfor å syna veg, i Setesdal kalla "nydding", i Åseral-Eiken-Fjotland "knydding", i Sirdal "nydling" og i Rogaland "nødling". Nokre strekningar er seinare blitt turistløyper. Dei eldste og viktigaste gangevegane gjekk frå ulike utgangspunkt i Setesdal til handelsplassane Lysebotn, Førre og Hylen i Rogaland. Tre av desse gamle gangevegane blir enno kalla "Skinnvegen". Desse kryssar Rjuven. Dei er minne om katolsk tid (før 1537) då folk laut betala skatt i form av ku huder og kalveskinn til biskopen i Stavanger, og skatten vart frakta på hesteryggen etter desse vegane. Det er lagt brudle på nokre av heie overgangane. Eit brudle er steinar som er lagde på rad og rekkje på eit flatt berg, ein stein for kvar deltakar i eit brudefølgje. Å leggja brudle var ein lokal skikk i Sørvest-Noreg.

Friluftsliv

Heiområdet Setesdal-Ryfylke er særs godt egna for langturar i fjellet, kortare turar frå bygdene omkring, jakt, fiske og padling. Området utgjer ryggrada i det sørvest-norske fjell-friluftsområdet i søndredeler av Langfjella. Området er eit nasjonalt viktig friluftsområde som gjev rom for naturoppleving i eit landskap i store urørte område, mellom anna i Rjuven ogValle-Byglandsheiane.

DNT sitt løypenett er etter måten godt utbygd. Løypenettet fungerer som hovudårer for fotferdsle i heia sommarstid. Vinterstid vert det merka løyper mellom dei fleste turisthyttene. Stavanger turistforening har ansvar for løype- og hyttenettet i vest og Kristiansand og Oppland turistforening i aust. I nord heng løypenettet saman med Hardangervidda og i aust med Setesdal Austhei. I alt 43 av DNT sine hytter ligg i SVR. I tillegg har Statskog 28 hytter i verneplanområdet, 15 av desse vert leigd ut, i hovudsak i samband med jakt og fiske. Dette gjer at tilbodet til ålmenta er etter måten særs godt.

Jakt og fiske

Heiområdet er det viktigaste jaktområde for ålmenta i Agder-fylka og Rogaland, og eit viktig næringsgrunnlag for einskilde bruk og brukarar kring heia. Området har også hatt same funksjon for fritidsfiske. Forsuringa og reguleringar har redusert området sin verdi for fiske, men framleis vert deler av området mykje nytta.

Omlag 1/3 av heiane, Njardarheim v/ Statskog og statsalmenningane v/fjellstyra, har fast organisering av jakt- og fisketilbodet for ålmenta, med eit godt utbygd hyttenett. Desse områda har høg verdi for ålmenta si tilgang til jakt. I resten av området er jakt ein viktig ressurs for grunneigarane anten dei jaktar sjølve eller leigar jakta bort.

Referanser

Fylkesmennene i Aust- Agder, Vest-Agder og Rogaland. 1995. Forslag til verneplan for Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane.

Litteratur

Dahl, E.; Elven, R.; Moen, A.; Skogen, A. (1986), Vegetasjonsregionkart over Norge 1:1.500.000, Nasjonalatlas for Norge, Statens kartverk
Danielsen, A (1971), «Skandinavias fjellflora i lys av senkvartær vegetasjonshistorie», Blyttia (29)
DN 1992. Truede arter i Norge. Norwegian Red List. DN-rapport 1992-6. Trondheim
Hansen, J.H. 1986. Forslag til forvaltningsplan for fisk i Njardarheim veidemark. Fylkesmannen i Aust-Agder, miljøvernavdelingen, rapp. nr. 14, 1986.
Hettervik, G.K. 1993. Prosjekt energi. Fleirbruksplan for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane. Rogaland fylkeskommune.
Homme, H. og L. Veum. 1986. Heirådet Setesdal-Ryfylke. Framlegg til mål og retningsliner for arealbruk. Rapport frå ei planfagleg rådgjevingsgruppe for heiområdet Setesdal- Ryfylke oppnemnd etter initiativ frå fylkesmennene i Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland.
Mauland, E. 1993. Prosjekt Næring. Fleirbruksplan for SetesdalVesthei- Ryfylkeheiane. Vest-Agder fylkeskommune.
NOU. 1974:39. Fjellplan for Setesdal Vesthei. Universitetsforlaget, Oslo, Bergen, Tromsø.
Åsen, P.A. 1995. Setesdal vesthei - vegetasjon og flora. Agder naturmuseum og botanisk hage. Kristiansand. Under utarbeiding.


(Publisert:17.12.2012 Sist endret:27.05.2016)