Til startsiden

Steinsbuskardet-Hisdalen biotopvernområde


 

Steinbuskardet-Hisdal biotopvernområde har til føremål å sikre eit særs viktig heilårs leveområde med trekkvegar og kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei.

Biotopvernområdet dekker eit areal på ca. 33,6 km2 . Det verna området ligg i Bykle
kommune i Aust-Agder fylke.

Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde har to soner med ferdslerestriksjonar. I sone A, Steinsbuskardet, er det særs viktige trekkrutar for villreinen. Sone B går vidare inn i Hisdal naturreservat.

(Publisert:05.12.2012 Sist endret:03.01.2013)