Til startsiden

Kvanndalen landskapsvernområde

Den eldste turisthytta til Stavanger turistforening, frå 1888, ligg i Kvanndalen.
Den eldste turisthytta til Stavanger turistforening, frå 1888, ligg i Kvanndalen., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Sjølv om Kvanndalen er eit naturleg midtpunkt, inneheld Kvanndalen landskapsvernområde meir enn dalen som har gjeve namn til området. Her finn vi også Rogalands tre høgaste fjelltoppar, ein rik flora, viktige trekkvegar for villreinen og mange kulturminne i samband med ferdsle, stølsdrift og reinsdyrfangst.

Landskapsvernområdet ligg i Suldal kommune, er omlag 84 km2 og blei verna i 1997.

 Om Kvanndalen landskapsvernområde. Video: Jarle Lunde/SuldalFoto.no
 

Kvifor vern?

Føremålet med landskapsvernet er «å ta vare på eit særmerkt fjellområde med med urørt natur, rikt planteliv, verdifulle stølsområde og beitelandskap og eldre og nyare kulturminne etter støling, heiebeiting, jakt fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.»

Geografisk plassering

Kvanndalen landskapsvernområde ligg heilt nord i suldal kommune og dannar ein naturleg overgang til Hardangervidda mot nord, og heng saman med Holmavassåna biotopvernområde og Dyraheio landskapsvernområde i sør. Dalen har utspring ved vasskilet mellom Ståvassdalen og Kvanndalen med Kistenuten i aust og Høghellernuten i vest. Kvanndalen strekkjer seg derfrå ca 10 km i SSV- retning før den endar i brattskråninga ned mot Roaldkvam og Suldalsvatnet.

Geologi og landskap

Fjellgrunnen i området er prega av ei klar tredeling av bergartane, noko som er typisk for dei nord- austre delane av Ryfylke. Underst ligg grunnfjellet som pregar det meste av Ryfylkeheiane. Grunnfjellet er stort sett samansett av næringsfattige gneisar og granittar som forvitrar langsamt og gir eit dårleg jordsmonn. I slutten av jorda si urtid ( prekambrium, ca 600 mill. år sidan) blei grunnfjellet tært ned av naturkreftene til ein relativt flat slette, det subkambriske peneplan.

Peneplanet blei oversymd av havet i jorda si oldtid( kambrium, ordovicium og silur, ca 600- 400 mill. år sidan). Oppå grunnfjellet blei det avsett lausmassar som seinare blei omdanna til bergartar. Dei kambro- siluriske bergartane har rikeleg med næringssalt, m.a. kalk, og dei forvitrar lett og gir eit godt jordsmonn. Bergartar av denne typen er blant anna svart og grå fylitt og kvartsglimmerskifer.

Under den kaledonske fjellkjedefoldinga som skjedde for ca. 395 mill. år sidan, blei store grunnfjellsflak pressa opp og skove under foldinga. Desse såkalla skyvedekka består altså av bergartar som er eldre enn dei kambrosiluriske bergartane under. Liksom grunnfjellet forvitrar skyvedekket seint.

Dei næringsrike kambro-siluriske bergartane gjer geologien  interessant. Desse bergartane gir næringsrike lausmassar med tilhøyrande rik vegetasjon. Terrengformasjonane er storslegne. Kistenuten og Vassdalseggi er dominerande trekk i landskapet takka vere det harde toppdekket av overskuva gneiss. Desse høge fjella står i kontrast til den frodige Kvanndalen.

Vegetasjon

Området mellom Suldalsvatnet, Vinje i Telemark og Bykle i Aust-Agder inneheld det sørlegaste område med ein fullt samansett fjellflora som inkluderer rik og kalk-krevjande vegetasjon ( Dahl 1906, Dahl 1907, Steinnes 1988).

Vegetasjonen på fylittskifrane i Suldalsheiane er ein utlaupar og eit framhald av tilsvarande vegetasjon i frå skifrane på Hardangervidda. I følgje Dahl 1906/07 byrjar den rike skiferfloraen, eller reinrosevegetasjonen, frå grensefjella mot Telemark og Setesdal ( Storhedderfjelli, meien, Austre Kaldafjell) og strekkjer seg gjennom Kvanndalen, over Havrenosnibba, Urdavassnutane, Krokkavassnutane, Næverhatten, Raudnuten og Kvernheia. Ved Vestre Kaldafjell og Snønuten er skiferfloraen meir sparsamt representert, men sør for desse er det rikare med skifervegetasjon i Kvilldal- og Sandsaheiane.

Kvanndalen med heiane rundt er særprega og vakre med artsrik og frodig vegetasjon, fyrst og fremst på grunn av fylitten. Planter har si sørvestgrense i området.

Av registrerte vegetasjonstypar kan nemnast blåbær- blålynghei, sekundær grashei, vierkratt, bregnesnøleie og reinrosesamfunn. Kvanndalen ligg klimatisk sett i eit grenseområde mellom Aust- og Vestlandet. Likevel er det oseaniske elementet mest markert i både flora og vegetasjon. Av vestlege oseaniske artar kan nevnast bjønnkam, rome og blåknapp. Av meir austlege artar kan nevnast turt og søterot. Artar som blåspett, gulsildre, bjønnbrodd, sotstarr og reinrose viser at næringstilgangen er god i store delar av dalen (Prøsch-Danielsen 1990).

Fugle- og dyreliv

For dyrelivet i fjellet er bjørkebeltet særs viktig som yngle,- vekse- og vinterbeiteområde. Dei fleste kjende fjellvilt- artar finst i heiområdet. Rovfuglar som hubro, jaktfalk, dvergfalk, fjellvåk og kongeørn er registrert. Av vadefugl hekkar strandsnipe på lågheia, og fjøreplytt og heilo på høgheia. Heilo har hekkeområder nord for Isvatn, her hekkar også boltit.

FjellrypeAv hønsefuglar finn ein orrfugl med hekkeområde. Lirype har heilårs- og hekkeområder i lågheia. Nokre område blir brukt heile året av fjell- og lirype. Fjellrype har gode heilårs- og hekkeområde mange stader i høgheia.

Elgen og hjort er begge å treffa i bjørkebeltet. Vår og haust kan dei og treffast i høgheia.

Villreinen i Kvanndalen har svært høg verdi som følgje av at det er både sommar- og vinterbeite. Lengst nord i Kvanndalen trekker villreinen nord for Djupetjørn og Kvanndalstjørn og ned i Kvanndalen. Eit anna trekk går ved foten av Kistenutenden, over Ståvassdalen og over Litledalsfleene. Villreinen har eit viktig trekk mellom Holmavatnet og Sandvatnet.

Kulturhistorie

Kvanndalen er ein typisk stølsdal i Suldalsheiane med rik vegestasjon som er sjeldan i denne delen av landet. Den rike vegetasjonen gav tidlegare grunnlag for mange stølar. Det er funnen spor etter ti stølsområde i dalen som tidlegare blei rekna som den beste stølsdalen i Suldal. Kvanndalen har vore støls- og utmarksområde for gardane Nordmark og Jordebrekk, seinare også Roaldkvam. På Fleso, Hidlerberg, Svultanuten og Jensafet står det stølshus eller hytter i dag. Tidlegare har det vore stølar på blant andre Fossaslåtto, Slåttastølen, Raudmyr og Bakkaleger.

Av andre kultur- og fornminne som bør nemnast er fleire hellerar, bl.a. ved Svultanuten, Raudmyr, Bakkaleger og Torshidler, tufter, buplassar, kolgroper, kve og opparbeida stiar og vad. Ved Litløedalsfleene mellom Torshidler og Isvanten ligg ein uvanleg velbevart dyregrav. I høgfjellet i området rundt Isvatnet, Litlavatnet og Holmavatnet er det dyregraver og bogastille.

Friluftsliv

Det var i Kvanndalen den nyoppretta Stavanger Turistforening (STF) fekk si første hytte i 1888. Den første turistlinja,  mellom Haukeliseter og Roaldkvam, vart etablert same året. Med tida har STF sitt løypenett i Kvanndalen blitt utvida, men ruta mellom Haukeliseter og Kvanndalshytta er framleis i bruk. Det er også kome til ruter mellom Kvanndalshytta og STF-hyttene Bleskestadmoen og Holmevasshytta. Den største endringa i løypenettet er likevel knytt til anleggsvegen frå Roaldkvam og opp til Kvanndalsdammen. Nå er det berre ein 4-5 km lang tur frå parkeringsplassen og inn til Kvanndalshytta.
Sjølv om tilgongen til området har blitt mykje lettare, har ikkje bruken av området auka i særleg grad. Dei siste åra har Kvanndalshytta hatt mellom 100 og 150 overnattingar i året.

Forutan fotturistane får Kvanndalen landskapsvernområde besøk av ein del fiskarar, og det er felles fiskekort både for sjølve Kvanndalsåna og dei ulike fjellvatna innanfor verneområdet. Området er og brukt til småvilt- og reinsdyrjakt.

Les meir

Nettsida Miljøstatus i Suldal har ein lengre artikkelserie om Kvanndalen landskapsvernområde. Du finn lenke nedst på sida.

Kjelder


    Arkeologisk museum i Stavanger 1975. Arkeologisk datarapport frå Ulla/ Førre- undersøkingane 1974. Stavanger.
    Arkeologisk museum i Stavanger 1983a. registreringer av arkeologiske kulturminner i Kvanndalen i tidsrommet 19- 24.06.83 og 31.07- 12.08.83. Stavanger
    Arkeologisk museum i Stavanger 1983b. Registrering av etnologiske kulturminner i Kvanndalen i tidsrommene 21.- 24.06 og 29.-30.09.83 i samband med planar om vasskraftutbygging. Stavanger.
    Bang- Andersen, Sveinung 1974. Opplysningar om kulturminner og bergkrystallokaliteter diverse steder i Suldal- og Bykleheiene. ( Rogaland, Aust- Agder og telemark fylke). Stavanger.
    Bang- Andersen, Sveinung 1983a. Kulturminner i Dyraheio. Sammenfatning av arkeologiske registreringar utført 1972- 1979 i Suldal, Hjelmeland- og Bykleheiene i Rogaland og Aust- Agder som ledd i Ulla/ Førre- undersøkelsene. AmS- Varia 12. Arkeologisk museum i Stavanger.
    Bang- Andersen, Sveinung 1983b.. Innberetning om prøvestikking etter opne steinalderlokaliteter i øvre del av Kvanndalen i Suldalsheiene
    Bang- Andersen, Sveinung 1984. Notat om fortsatt registrering av kulturminner innenfor det planlagte magasinområdet i øvre Kvanndalen i Suldalsheiene sommeren 1984. Stavanger.
    Dahl, Ove 1906. Botaniske undersøgelser i indre Ryfylke. I. christiania Videnskaps- Selskabs Forhandlingar for 1907 no. 4, s. 1- 14. jacob Dybwad, Christiania.
    Eide, Frøydis og Arvid Odland 1981. Botanisk befaring i Røldal- Suldal i Forbindelse med videre kraftutbygging i området. Med et forslag til en flora-, vegetasjons- og vegetasjonshistorisk undersøkelse. Botanisk institutt. Universitetet i Bergen.
    Foldøy, Oddveig 1988. Kvanndalen var ”den beste seterdalen” i Suldal. I Stavanger Turistforening, Velkommen til fjells. En håndbok for turer frå Haukeliseter i nord til Frafjord i sør. Stavanger.
    Fylkesmannen i Rogaland. Forvaltningsplan for Kvanndalen landskapsvernområde, Dyraheio landskapsvernområde og Holmavassåno Biotopvernområde i Suldal kommune, Rogaland.
    Meyer, Ole Berger og Astrid Botnen 1983. Flora og vegetasjon i Kvanndalen, Suldal, indre Ryfylke. Botanisk institutt. Rapport 31. Universitetet i Bergen.
    Prøsch- Danielsen, Lisbeth 1990. vegetasjonshistoriske studier frå Suldal og Sauda kommuner, Nord Rogaland. AmS- Rapport 2. Arkeologsik museum i Stavanger. Stavanger.
    Steinnes, Audun 1988: Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland. Økoforsk rap. 1988:12. Ås-NLH.
    Veka, Johan 1988. Bleskestadmeoen. I Stavanger Turistforening, Velkommen til fjells. En håndbok for turer frå Haukeliseter i nord til Frafjord i sør. Stavanger.
    UFU 1975. Arkeologisk datarapport frå Ulla/Førreundersøkingane 1974. Arkeologisk museum i Stavanger. Stavanger.
    UFU 1978. Arkeologisk datarapport frå Ulla/Førreundersøkingane 1976 og 1977. Arkeologisk museum i Stavanger. Stavanger.
    UFU 1982. Arkeologisk datarapport frå Ulla/Førreundersøkingane 1978- 1982. Arkeologisk museum i Stavanger. Stavanger.

(Publisert:24.11.2012 Sist endret:28.03.2016)