Til startsiden

Hovden landskapsvernområde, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat

Forvaltingsansvaret for Hovden landskapsvernområde, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat vart hausten 2015 overført frå Fylkesmannen i Aust- Agder til verneområdestyret for SVR. Alle desse tre verneområda grensar til Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Hovden landskapsvernområde (59 km2), Vidmyr naturreservat (9,7 km2) og Lislevatn naturreservat (1,1 km2) er alle verna etter Naturvernlova og ligg i Bykle kommune. Områda heng saman, og det meste av Hovden landskapsvernområde ligg aust for RV 9, medan dei to reservata ligg vest for same vegen. Totalt utgjer desse tre verneområda 69,8 km2 verna areal.

(Publisert:30.10.2015)