Til startsiden

Frafjordheiane landskapsvernområde

Øvre Espedalsstølen
Øvre Espedalsstølen, Foto: Arvid Tjøstheim

 

Frafjordheiene landskapsvernområde blei verna  i 2003. Området dekker ca. 418 km2 i kommunane Forsand, Gjesdal og Sirdal. Området har store kvalitetar og er særprega på mange vis.

Frafjordheiane landskapsvernområde blei oppretta for å:

  • Ta vare på eit representativt, særprega og vakkert landskap, med bratte fjord- og dalsider via låghei opp til glattskurt høgfjell.
  • Ta vare på vatn og vassdrag, viktige leveområde for eit særprega plante- og dyreliv, geologiske landskapsformer og beite- og stølslandskap med eldre og nyare kulturminne.
  • Ta vare på ein variert og særprega alm- og lindeskog i Røssdalen, med rik bjørkeskog, fattigeng, urer, berg og flomelvar med oseaniske mosesamfunn.
  • Sikre allmenta muligheit til naturopplevingar gjennom eit tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

 

Særprega landskap

Frafjordheiane og Espedalsheiane er eit høgheilandskap med dramatiske og varierte landskapsformar med dypt nedskore dalar som gradvis stig mot meir småkupert høghei i aust. Store parti av heiane hevar seg opp mot 1100 m.o.h.

Mange av toppane er golde, delvis blankskurte, men mange er og overstrødd av enorme steinurer frå istida. Dei flate - men småkuperte - heiane er rester av det subkambriske peneplanet. Dette er eit gamalt slettelandskap som for meir enn 600 millionar år sidan låg ved havnivå, men som i dag ligg høgt heva over havet.

Heiane er omgitt av markerte U-dalar: Østebødalen og Hunnedalen i søraust, Frafjorddalen og Brådlandsdalen i sør, Espedalen i vest og Lysefjorden i nord. Brådlandsdalen, Fidjadalen og Røssdalen-Indredalen skjærer seg inn i området.

To særprega landskapsfenomen gir ekstra oppleving til Indredalen. På nordsida av dalen ligg Fossjuvet - eit "jutulhogg" i fjellsida der store mengder smeltevatn ei kort stund for ca 10 000 år sidan grov ut dette mektige gjelet.

Litt lenger vest ligg Ulvegrovene, eit merkelig meterdjup søkk i bakken som trulig skyldes ein nokså nylig forkasting i jordskorpa.

Berggrunn

Alle bergartane i området er meir enn 1000 millionar år gamle. Sjølv om alle bergartane i Frafjordheiene høyrer med til grunnfjellet – og er harde, sure og for det meste grå – er det likevel stor variasjon og veksling av ulike typar granitt og gneis. Vekslinga gjenspeglar i landskapet. Grovt sett kan me seie at granitt gir runde formar, gneis gir meir lange og kanta formar, ofte trappeform.

Lausmassane

Den austlege delen av Frafjordheiane er karakterisert av ekstremt nakne og golde bergkollar og vidder, utan grasstrå og stort sett utan lause steinar. Kontrasten er stor mot dei midtre og vestre delane – der det enten er ei enorm mengde med steinblokker strødd utover, eller meir frodige moreneparti som er dekka av plantar og myr.

Det store morenetrinnet frå yngre dryas, Lysefjordtrinnet, kan følgjast som ryggform eller belte med steinblokker tvers over store delar av Frafjordheiane. Dei store steinurene framføre Månavatnet og Fidjavatnet høyrer til Lysefjordtrinnet. Mange bergtoppar og flate parti ber namnet "Steinhei".

I dei største dalane er det avsett både botnmorene og sand og grus frå breelvane under avsmeltinga. Der ismassane på slutten av istida ikkje lenger var i bevegelse, oppsto ofte eit hauget og rotete terreng – eit dødislandskap.

Dei bratte bergveggane har mange stadar voreutsett for steinsprang og ras. Huldrehaugene i Fidjadalen er truleg danna i eit komplisert samspel mellom frostsprenging og ras og isbreane si opphoping av morenemateriale framføre bretunga.

Bruk av heia i gamle dagar

Stølsdrift og anna utmarksbruk

Mellom dalføra Espedalen og Frafjord finst den største stølsheimen sør i Rogaland. I det gamle gardssamfunnet var stølsdrifta ein svært viktig del av jordbruket. I Frafjorddalen var stølane i bruk heilt inn på 1900-talet.

Det var ikkje nok høy på gardane til det store husdyrhaldet. Folk måtte finne "attåt-teigar", i bratte lier, på stølsvollar og på myr. Vollane eller legene rundt stølen ble slått sist i juni, og seinare slo dei slåttane som låg lenger borte frå husa.
Graset blei lagra på stølen eller i høyløer eller rundt stakkstenger. Høyet blei frakta heim om vinteren.

Ferdsel i fjellet

Dei mange ferdselsvegane over heia blei alltid lagt der det var lettast å finna fram. Nødlingar – små steinvardar - står langs dei viktigaste ferdselsvegane, og må ha eksistert i uminnelege tider.
Mellom Frafjord og Østebødalen – Hunnedalen, var det tre mykje brukte ruter. Den eine mellom Brådland og Ritland i Østebødalen, den andre mellom Brådland og Østebø og den tredje gjennom Brådlandsdalen til Høgaleite i Hunnedalen.

Hellerar

Folk som vandra i fjellet i tidligare tider - gjetarar, handelsreisande, jegarar og fiskarar – trongstadar å sova om natta. Store steinar eller bergvegg med overheng blei kalla heller eller hedler. Under ein god heller kunne ein ligge tørt sjølv om det regna. Omkring mange av disse er det mura opp stein som ein lemur for å skjerme mot vind og vêr. Også dagens vandrarar kan finne ly her.

Legegjeting

På 1800-tallet, etter at den store driftetrafikken med kjøtdyr fra vest mot aust tok slutt, blei beite i heiane overtatt av sau. For å unngå tap av sau på grunn av rovdyr som bjørn, ulv og jerv, var det vanleg med legegjeting. Gjetaren samla dyra saman i leger (liggeplass) for å ha tilsyn om natta. Gjetarane flytta frå lege til lege utover sommaren, dei var på kvar stad 2-3 dagar. Legene kan i dag sjåast på som små grøne holmar i ein elles fattig vegetasjon.

Planteliv

Heiane er sterkt prega av eldre tiders beiting, då både ku, sau og geit beita i utmarka. I dag beitar stort sett berre sau i utmarka. Dette fører til hardt beitetrykk der sauen held til, mens andre område gror til med bjørk, einer og lyng.

Høgheiene

Frafjord- og Espedalsheiane har ikkje meir enn ca 20 forskjellige fjellplanter, dette skyldes den næringsfattige berggrunnen. Blant dei er stjernesildre, dverggråurt, rypestorr, fjellbunke, trefingerurt, jøkulstorr, fjelltjøreblom og snøull.

Dalane og liene

I liene finst mange stader eit vierbelte der lappvier og sølvvier dominerer. I dei lågare bjørkeskogane kan me finna kantarell, piggsopp og raudskrubb. Blåbær, tyttebær og krekling finst mange stadar.

Skogane

I Røssdalen og i Frafjord finst edellauvskog med bl. a. lind, alm, ask og eik som har krav til høge sommartemperaturar. Desse treslaga ber ofte preg av gamal styving for fòr til husdyr.
Røssdalen, samt Ørestø- og Migaren naturreservat i Frafjord, blr rekna som svært verdifulle plantelivsområde.

Mose og lav

I dei lågare delane av området finn me det botanikarane kallar "boreal regnskog". Desse områda er ofte rike på mosar og lav. Frafjord og dei nærmaste nabobygdene huser sannsynlegvis den rikaste floraen av oseaniske mosar og lav i hele Norden. Her regner det både ofte og mye og vinteren er mild. Innanfor området er det påvist ein lavart som ikkje er kjent frå andre stadar i verda (Aspicilia scabrida).

Dyreliv

Reinsdyr, elg og hjort

Villreinen bruker enkelte år Frafjord- og Espedalsheiane som eit utkantbeiteområde, særlig små flokkar med bukkar om sommaren og om hausten.
Bestanden av hjort og elg har økt dei siste vintrane.

Rovdyr og smågnagarar

I dag er det ingen store rovdyr som held til i desse heiane. Streifdyr av jerv er observert. Det er mye mår i området. Røyskatt trivast i ur og steinete område. Raudrev er vanleg.
I enkelte år kan det vera mykje lemen. Hare finst i område over bjørkeskogen. Ekorn trivst godt i dei særprega skogane, blant anna i Røssdalen. Bever er registrert innanfor Månastølen.

Rikt fugleliv

Frafjord- og Espedalsheiane utgjer eit av dei beste områda for fugl i Ryfylke med omlag 100 registrerte artar. Den rike og varierte vegetasjonen i dalane skaper levevilkår både for vanlege skogsartar og for meir spesialiserte fuglar. Ikkje minst dei som ruger i hull i tre, til dømes svart-kvit flogesnappar, gråspett, dvergspett og kvitryggspett. Dei varmekjære skogsområda er rike på songarar. Det er ein relativ stor bestand av truga og sjeldne artar innanfor område. Ca 30 par rovfugl er antatt å hekke her. I tillegg hekkar både hubro og kattugle.

Storlom og smålom hekker innan område. Orrfugl er langt meir utbredt enn storfugl i våre heiområde. Dei vanlegaste fuglane i høgheia er heipiplerke og steinskvett, men ein kan og sjå blåstrupe og snøsporv. Fjellrype finst det godt av enkelte år