Meny
Lukk

Styret

Verneområdestyret for Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR)

Verneområdestyret for SVR vart oppnemnt av Miljøverndepartementet i 2011, og har forvaltningsmynde for 17 verneområder jf. naturmangfaldlova § 62. Verneområdestyret består av ein politisk representant, ofte ordførar, frå kommune eller fylkeskommune. Det er tre verneområdeforvaltarar som tilsaman utgjer eit sekretariat for styret.

- Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde i kommunane Bygland, Bykle, Sandnes, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal, Valle og Åseral

- Frafjordheiane landskapsvernområde i kommunane Sandnes, Gjesdal og Sirdal

- Dyraheio landskapsvernområde i Suldal kommune

- Vormedalsheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune

- Lusaheia landskapsvernområde i Hjelmeland kommune

- Kvanndalen landskapsvernområde i Suldal kommune

- Hovden landskapsvernområde i Bykle kommune

- Steinsbuskardet-Hisdal biotopvernområde i Bykle kommune

- Holmavassåno biotopvernområde i Suldal kommune

- Ljosådalen naturreservat i Valle kommune

- Hisdal naturreservat i Bykle kommune

- Vidmyr naturreservat i Bykle kommune

- Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

- Nordrahei naturreservat i Hjelmeland kommune

- Øyastøl naturreservat i Hjelmeland kommune

- Ørestø naturreservat i Gjesdal kommune

- Migaren naturreservat i Gjesdal kommune

Oppgåver

Verneområdestyret fatter vedtak med heimel i verneforskrift og natutmangfaldlova , og har ansvar for:

- Behandle søknadar og fatte vedtak, samt å behandle klager

- Utarbeide forvaltnignsplanar

-Gjennomføre tilrettelegging og restaurering for å ivareta verneverdiar

- Utvikle innfallsportar og tilrettelgge for besøkande

Verneområdestyert sine midler kjem frå Miljødirektoratet og er delt inn i drift av styret, milder til tiltak i verneområdet og midler til tilrettelgging for besøkande.