Til startsiden

Villreinfjellet som verdiskapar

Utsikt mot villreinfjellet.
Utsikt mot villreinfjellet., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no


Gjennom programmet Villreinfjellet som verdiskapar i regi av Miljødirektoratet, har verneområdestyret for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) fått innvilga midlar til ei fire-årig prosjekt. Prosjektet har fått arbeidstittel Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell og har følgjande hovudmålsetting:

  • Auke kunnskap og medvit om villrein og villreinfjell slik at arten og leveområda vert ivareteken på kort og lang sikt.
  • Bidra til positivitet og eigarskap til villrein og villreinfjell

 

Ein rekke offentlege instansar i regionen har gått som partnar i prosjektet, i tillegg til  Setesdal Ryfylke villreinlag. Undervegs vil ein og trekke inn private reiselivsaktørar og destinasjonsselskap.

 

Prosjektet har følgjande fire arbeidsområde:

  • Kunnskap om villrein og villreinfjell til barn og unge (bilde 1. Foto J. Haug)
  • Møteplass villreinfjellet (bilde 2. Foto J. Thommassen/J.E.Skåtan)
  • Villreinen og kulturarven (bilde 3. Foto J. Thommassen/J.E.Skåtan)
  • Sti og løypeplan – adaptiv løypeforvaltning (bilde 4. Foto Peter Hermansen)

 

På denne sida vert det lagt ut informasjon om prosjektet, inkludert referat frå møte i styringsgruppa og dei fire arbeidsgruppene

(Publisert:01.05.2018 Sist endret:09.05.2018)