Til startsiden

Framdriftsrapport for arbeidet med ny forvaltningsplan

Blåstrupe, ein av dei flottaste sangfuglane ein kan møte i øvst i bjørkebeltet
Blåstrupe, ein av dei flottaste sangfuglane ein kan møte i øvst i bjørkebeltet, Foto: J.Thommassen/J.E.Skåtan

På møtet mellom Verneområdestyret og Fagleg rådgjevende utval som vart halde i Kristiansand 9 januar orienterte verneområdeforvaltar Alf Odden om framdrifta i arbeidet med ny forvaltningsplan.

Arbeidet med forvaltningsplanen har pågått gjennom heile 2013, og i si orientering til styret kunne Alf Odden fortelje at arbeide var godt i gang (sjå vedlagt dokument). Det har vore halde møte med representantar for ei lang rekke av dei sentrale brukarinteressene og dialogen med Miljødirektoratet er etablert.

I løpet av januar vil ein få gjennomført dei siste møta med brukarinteressene, og eit førsteutkast av plandokumentet vil være klart. Februar vil bli brukt til å hente inn innspel frå Miljødirektoratet samstundes som AU/Styret går gjennom dokumentet. Eit gjennomarbeida utkast til forvaltningsplan vil deretter bli sendt til Miljødirektoratet for fagleg gjennomgang og godkjenning.

Eit utkast til forvaltningsplan vil deretter bli sendt ut på open høring til alle berørte partar i løpet av mars 2014. I samband med den opne høringa vil det og bli arrangert ei rekke informasjonsmøte, og det vil bli høve for alle å komme med skriftelege og munnelege innspel.

Ein reknar framleis med å få forvaltningsplanen vedtatt i styret og endeleg godkjent av Miljødirektoratet i løpet av 2014.

(Publisert:15.01.2014)