Til startsiden

Forvaltningsplanen er sendt til styrehandsaming

Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle.
Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle., Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Forvaltningsplanen er nå oversendt verneområdestyret for handsaming.

 

19 desember vart forvaltningsplanen oversendt verneområdestyret for handsaming. Innspela frå høringa er nå innarbeidd i planen, og styret vil komme med sine innspel på møtet 8 januar.

Etter godkjenning i styret blir planen sendt til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning.

Vi håpar å ha ein godkjent forvaltningsplan til 1 mars 2015.

Mens Miljødirektoratet har planen til godkjenning vil det bli arbeida vidare med den endeleg formgivinga og det vil bli gjennomført ei skikkeleg korrekturlesing.

Lenke til den siste versjonen av forvaltningsplanen finn du under artikkelen.

(Publisert:21.12.2014)