Til startsiden

Forvaltningsplanen er sendt til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning

Gaukstølen i Dyraheio landskapsvernområde
Gaukstølen i Dyraheio landskapsvernområde, Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

 

Verneområdestyret hadde ei grundig handsaming av forvaltningsplanen på styremøtet 8 januar, og vedtok og sende den til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning

 

Utdrag av møteprotokoll for styremøtet 8 januar 2015:

 

ST 5/15 Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane

Forvalters innstilling

Verneområdestyret godkjenner framlegget til Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal

Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, med dei endringane som kom fram på styremøtet.

Forvaltningssekretariatet får fullmakt til å innarbeide verneområdestyret sine kommentarar i

plandokumentet og sende forvaltningsplanen til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning.

Forvaltningssekretariatet får fullmakt til å gjere mindre endringar i plandokumentet i samband

med korrekturlesing og endeleg formgjeving av forvaltningsplanen.

Arbeidsutvalet får fullmakt til å avgjere om eventuelle sluttkommentarar frå Miljødirektoratet er

av eit slik omfang at dei må leggast fram for Verneområdestyret før forvaltningsplanen

ferdigstillast.

Saksprotokoll, verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og

Frafjordheiane - 8.1.2015

Styret hadde dialogmøte med Rådgjevande utval om denne saka frå 11.00 – 12.00. Frå

Rådgjevande utval deltok desse:

o

Ola Sukka, Villreinnemnda
 

o

Gjermund Espetveit. Kraftprodusentane
 

o

Preben Falck, DNT
 

o

Geir Hovland, Statskog

o

Asbjørn Haga, Jæren Smalelag

Sekretariatet gjekk gjennom siste versjon av forvaltingsplanen på dialogmøtet og

noterte kommentarar og innspel til styrehandsaminga seinare på dagen.

Drøfting i styremøtet

Verneområdestyret ynskte at desse endringane vart innarbeidde i forvaltingsplanen før den vart sendt Miljødirektoratet for godkjenning:

Side 34. Siste setning vert endra slik: «Installasjonar i samband med vindkraft er

forbode etter verneforskriftene.»

Side 44. Under avsnittet Private fritidshytter skal siste prikkpunkt flyttast til

kapittelet om sakshandsaming.

Side 52/53. Under avsnittet Felleskjøring skal denne setninga strykast: «Den

andre skuterføraren må og ha snøskuterløyve i kommunen.»

Side 63. I tabellen på denne sida skal heile merknadskolonnen fjernast.

Side 115. Under avsnittet Retningslinjer for bruk av helikopter til Kjerag i

samband med reiseliv, marknadsføring og basehopping skal det gjerast desse

endringane:

o

Første kulepunkt vert endra slik: «Tidsvinduet vil bli strengt handheva og

avgrensa til fire samanhengande dagar i andre halvdel av juni og fire

dagar i september.»

o

Kulepunkt to skal fjernast.

Side 131. Siste avsnitt vert flytta til kapittelet om Frafjordheiane.

Side 171. I sist avsnitt skal Stavanger Turistforening strykast. Formuleringa i

avsnittet blir då slik: «Forvaltingsstyresmakta vil følgje nøye med på utviklinga av

ekstremsportaktivitetane på Kjerag. Om det blir naudsynt kan retningslinjene for

desse aktivitetane bli revidert i samråd med utøvarar, grunneigar og Forsand

kommune.»

Vedtak

Som forslaget til vedtak.

Vedtaket var samrøystes.

 

og Frafjordheiane - planutkast til styregodkjenning

 

(Publisert:29.01.2015)