Til startsiden

Planprosessen

Fjellrypa
Fjellrypa, Foto: J.Thommassen/J.E.Skåtan

Oppstartsmeldinga vart sendt ut til grunneigarar og andre med verksemd i verneområda 1 februar 2013.

Planutkastet kom tilbake frå fagleg gjennomgang i Miljødirektoratet 13 juni 2014.

Planutkastet vart sendt ut på open høring 19 juni 2014.

Da høringsfristen gjekk ut 1 desember 2014 var det komen inn 51 høringsuttaler.

Verneområdestyret vedtok forvaltningsplanen 8 januar 2015.

Forvaltningsplanen vart endeleg godkjent i Miljødirektoratet 27 april 2015.


Forvaltningsplanen er endeleg godkjent

 Den 27 april kom brevet frå Miljødirektoratet om at forvaltningsplanen er endeleg godkjent. Plandokumentet skal nå få på plass bilete før den blir sendt til trykking. Verneområdestyret er glad for å ha planen på plass og vil takke alle som har bidrege i prosessen gjennomhøringsuttaler og andre innspel. Lenke til plandokumentet og godkjenningsbrevet finn du lenger ned på sida.

(Publisert:28.04.2015)

Forvaltningsplanen er sendt til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning

Gaukstølen i Dyraheio landskapsvernområde

  Verneområdestyret hadde ei grundig handsaming av forvaltningsplanen på styremøtet 8 januar, og vedtok og sende den til Miljødirektoratet for endeleg godkjenning

(Publisert:29.01.2015)

Forvaltningsplanen er sendt til styrehandsaming

Frå Skutesteinen ved Storheddervatnet, Bykle.

  Forvaltningsplanen er nå oversendt verneområdestyret for handsaming.

(Publisert:21.12.2014)

Høringsprossen er avslutta

Frå Prostøl i Dyraheio landskapsvernområde. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

  Høringsprossen i samband med forvaltningsplanen er nå avslutta. Til saman kom det inn 51 skriftelege høringsuttaler

(Publisert:21.12.2014 Sist endret:05.01.2015)

Vellukka høringsprosess

Skilt ved anleggsveien inn til Blåsjø

  Høringsprosessen i samband med forvaltningsplanen er langt på veg avslutta. Til saman kom det inn 48 høringsuttaler og det har vore gjennomført informasjonsmøter i alle 11 kommunane. Det har og vorte gjennomført drøftingsmøter med Fylkesmennene og Miljødirektoratet.

(Publisert:08.12.2014)

Høringsuttaler til forvaltningsplanen

Fjellrype

  Her blir høringsuttalene lagt ut etterkvart som dei kjem inn

(Publisert:07.10.2014 Sist endret:05.01.2015)

Høringsutkast og høringsbrev

Frå Prostøl i Dyraheio landskapsvernområde. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

  Da er utkastet til forvaltningsplan sendt ut på høring. Høringsutkastet og høringsbrevet finn du under

(Publisert:18.06.2014)

Forvaltningsplanen på høring

Snart ved i omnen på Hestebu

Utkastet til forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er nå sendt ut på høring. Høringsfristen er sett til 1 november 2014

(Publisert:18.06.2014)

Høringsuttaler til Oppstartsmeldinga

  Høringa i samband med oppstartsmeldinga til ny forvaltningsplan vart gjennomført våren og sommaren 2013. Det kom til saman inn 30 høringsutaler. Om lag 20 personar nytta høvet til å drøfte forvaltningsplane på dei opne kontordagane i kommunane.

(Publisert:16.06.2014)

Framdriftsrapport for arbeidet med ny forvaltningsplan

Blåstrupe, ein av dei flottaste sangfuglane ein kan møte i øvst i bjørkebeltet

På møtet mellom Verneområdestyret og Fagleg rådgjevende utval som vart halde i Kristiansand 9 januar orienterte verneområdeforvaltar Alf Odden om framdrifta i arbeidet med ny forvaltningsplan.

(Publisert:15.01.2014)