Til startsiden

Årsmelding for lokalt SNO i 2012


 

SNO er aktiv i SVR og har mellom anna vore med på å få gjennomført fleire tiltak i verneområdet. Året oppsummer dei slik:"2012 har vore eit godt oppsynsår, ikkje minst i høve til den nye forvaltningsordninga."

SNO skrivar mellom anna dette i årsmeldinga:

Motorferdsel

Kort om aktivitet
Motorferdselarbeidet er framleis høgt prioritert. I tillegg til våre eigne kontrollar i samband med anna aktivitet, vart det gjennomført 8 kontrollar i lag med politiet. Dårleg ver og føre gjorde at nokre planlagde kontrollar vart avlyste.

Utviklingstrekk/utfordringar
I år vart det dokumentert ulovleg motorferdsle same helga som Sesilåmi vart arrangert, utan at me knyter kjøringa direkte til arrangementet. Motorferdsla i verneområda er framleis låg. Det er berre i sørområdet me til tider ser kjøring av omfang.

Anbefalte oppfølgingspunkter neste år
Me vil prøva å halda aktiviteten på same nivå. SNO vil skjerpa kontrollen i tider som av erfaring genererar stor aktivitet. I Frafjordheiane er det trong for auka merksemd i høve til barmark- og lufttransport..

Friluftsliv/bruk


Kort om aktivitet
Me møter mykje folk i samband med arbeidet vårt i felt. Desse informerar me om heiane og verneområda. I tillegg til desse, kjem alle me møter i andre samanhengar, m.a. deltok me på "Jakt og fiskedagane" i Etne, "Tinget" i Hægebostad og "Naturligvis" (landbrukets dagar på Evje).

Det er ikkje gjennomført ferdselsteljingar dette året. Det skuldast problem med det tekniske utstyret.

Utviklingstrekk/utfordringar
Det er framleis trong for registreringar av ferdsla i verneområda. Informasjon vil det alltid vera trong for, og ny teknologi opnar for nye måtar å gje dette på."

SNO har vore med på desse tiltaka i 2012:

  • Utbetring av turistløypa Bleskestad – Sandvatn, Dyraheio LVO
  • Opplæringstiltak for ungdom i lag med Suldal fjellstyre og verneområdeforvaltaren, Dyraheio LVO
  • Restaurering av varden på Urdalsnuten, SVR
  • Rydding av stølsområde, Øyastølmyra, Vormedalsheia LVO
  • Ritlandskrateret, tilrettelegging av utkiks- og informasjonspunkt, Vormedalsheia LVO
  • Fjerning av båtvrak i Bykle (9 båtvrak), SVR
  • Oppsetjing av 5 infotavler, Frafjordheiane LVO
  • Bistand til arkeologisk undersøking av Storhedder, SVR (tinga av Fylkeskommunen)
  • Skifta verneskilt
(Publisert:12.12.2012)