Til startsiden

SVR: Årsmelding 2011



Frå forordet:

 

Det regionale styret for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) legg med dette fram årsmelding for 2011.

Årsmelding 2011Verneområdestyret vart oppnemnt av Miljøverndepartementet våren 2011, og styret vart konstituert 15. mars. Frå den same datoen overtok styret forvaltning av heile verneområdet.

I SVR er det til saman åtte landskapsvernområde og eitt biotopvernområde. Verneområdet har areal i 11 kommunar og tre fylke. Styret er sett saman av politiske oppnemde representantar frå alle desse.

Det er også oppnemnt eit rådjevande utval med representantar for dei viktigaste samarbeidspartnarane og eit administrativt fagutval med representantar frå kommune og fylkeskommunane.

Med utgangspunkt i nasjonale føringar, forskriftene for verneområda og forvaltningsplanane er det arbeidd med tilretteleggingstiltak, dispensasjonar etter verneforskriftene og forvalting av verneområda. Etter styret si vurdering er aktivitetane i samsvar med Naturmangfoldlova, forskrifter og forvaltingsplanar.

Styret legg med dette fram årsmeldinga for 2011 og stadfester at dei opplysningane som kjem fram er dekkande for verksemda. Rekneskapet er revidert som ein del av rekneskapet til Valle kommune. Årsmeldinga er godkjend av styret i møte 6.juni 2012.

Valle, 6. juni 2012

Tarald Myrum, styreleiar

(sign.)

(Publisert:01.12.2012 Sist endret:06.01.2013)