Til startsiden

Vis måtehald i rypejakta

Takseringa av ryper i fjellområda i Aust- og Vest-Agder tyder på ei svak rypebestand i år sjølv om  resultata varierer frå område til område. Rypejegerane må difor vise måtehald og spare dei stadeigne produksjonsfuglane.

Takseringa er gjennomført som del av eit samarbeidsprosjekt mellom SVR og fylkeskommunane og fylkesmennene i Agderfylka. NJFF har stått for sjølve takseringa.

I fleire område på Austlandet er rypene freda i år på grunn av svært låge takseringsresultat. Oversyn over takseringsresultat frå andre delar av landet finn ein på HØNSEFUGLPORTALEN: http://honsefugl.nina.no/Innsyn/

 

(Publisert:03.09.2015)