Til startsiden

Villreinmøte i Hjelmeland 15. november

Ope møte om villrein – for alle med interesse forvillrein, villreinjakt og villreinfjell

Torsdag 15. november – kl. 19.00- Spa Hotell Velvære, Hjelmeland

Arne Kleppa er ein god historieforteljar med lang erfaringsom villreinjeger. Han vil fortelja historia om reinsdyrjakta i Hjelmelandsheia.

Lena Romtveit kjem frå Norsk Villreinsenter sør på Skinnarbu. Ho vil fortelje om korleis villreinen nytter dei sørvestlege områda i Setesdals Vesthei og Ryfylkeheiane,og korleis bruken har endra seg over tid som følgje av menneskeleg påverknad og naturlege variasjonar.

Preben Falck er dagleg leiar i Stavanger Turistforening, og vil fortelja om turistforeningen sine tankar om ei ny turisthytte ved Brendeknutane.

Møtet er gratis og ope for alle. Enkel servering.

Arrangør er verdiskapingsprosjektet i samarbeid med Hjelmeland kommune og Hjelmeland turlag.Spørsmål til arrangementet kan rettast til TorborgKleppa i Hjelmeland kommune, tlf 404 39 123.

Arrangementet er ein del av verdiskapingsprosjektet «Kunnskapsformidlingom villrein og villreinfjell» derverneområdestyret for SVR er prosjekteigar. Dette er eit fire-årigprosjekt med føremål å auke kunnskap og medvit om villrein og villreinfjell slik at arten og leveområda vertivareteken. Kommunar,fylkeskommunar,fylkesmenn, villreinlag og villreinnemnd er medsom partar i prosjektet. Meir informasjon finn dupå www.svr.no.

(Publisert:02.11.2018)