Til startsiden

Villreinjakta startar 20.august - spar radiomerka dyr!

I fjor blei det sett i gang eit stort radiomerkeprosjekt på villrein i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane. Om lag 20 villrein har no klave med radiosendar rundt halsen. Radiosendarane rapporterer posisjonen til dyra og gjev oss ein unik informasjon om trekkvegar, kalvingar og kva som uroar reinen.

 Dersom det vert skote radiomerka dyr, taper vi ikkje berre ei stor økonomisk investering, men også masse verdifull informasjon for prosjektet. VI BER DIFOR ALLE JEGERAR OM Å SPARE RADIOMERKA VILLREIN!
(Publisert:19.08.2014)