Til startsiden

"Vilkårsrevisjonar i villreinens rike". Seminar i Åseral 23. september

Utsyn mot Blåsjø
Utsyn mot Blåsjø, Foto: Jarle Lunde/Suldal.no

Verneområdestyret og Villreinnemnda arrangerer 23. september seminar i Åseral om dei komande revisjonane av konsesjonsvilkåra for kraftprodusentane i regionen vår. Innleiarar på seminaret er mellom anna Jan Sørensen frå NVE, Olav Strand frå NINA og Gaute Tjørhom direktør i Sira Kvina Kraftselskap.

 

Heiedagane 2014

Vilkårsrevisjonar i villreinens rike

Stad: Åseral kommune, Fleirbrukshuset (v. Kyrkjebygda skule)

Tid: Tysdag 23. september kl. 10.00

 Seminarprogram

10.00 – 10.15           Tarald Myrum, styreleiar i SVR:Kvifor tar vi opp vilkårsrevisjonane til debatt?                         

10.15. – 10.45          Jan Sørensen, NVE: Kva inneber ein revisjon av konsesjonsvilkåra? Kva foreslår vi at blir prioritert i Agder og Rogaland?

10.45 – 11.15           Ørnulf Haraldstad, Fylkesmiljøvernsjef i Vest-Agder: Må vi vente på revisjonen av konsesjonsvilkåra for å få i gang miljøtiltak i dei regulerte vassdraga?

11.15 – 11.45           Tanja E Øverland, Vassregion Agder: EU sitt vassdirektiv og konsesjonane. Kva kan konsekvensane bli av at nye miljøtiltak skal vurderast kvart sjette år?

11.45 – 12.15           Kommentarar og spørsmål.

 12.15 – 13.00           Lunsj

 13.00 – 13.30           Lars Arne Bay, tidlegare tilsett i Statskog: Kraftutbygginga i heiane våre og konsekvensar for villreintrekka. Nokre historiske eksempel.

13.30 – 14.15           Olav Strand, NINA: Reetablering av villreintrekk etter kraftutbyggingane i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane. Kva er det vi prøvar å få svar på i det nye GPS-prosjektet?

14.15 – 14.45           Gaute Tjørhom, direktør Sira- Kvina kraftselskap: Er det muleg å få til miljøtiltak i villreinens rike?

14.45 – 15.30           Kommentarar og spørsmål.

 Arrangørar

  • Verneområdestyret for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane
  • Villreinnemnda for Setesdalsområdet

  På grunn av lunsj ber vi om påmelding innan 20. september til post@svr.no eller tlf. 976 43 672.

(Publisert:26.08.2014)