Til startsiden

Verneområdestyret trekker tilbake dispensasjonen for Sesilåmi

Verneområdestyret for SVR avgjorde i møte 2. mars å trekke inn løyvet for turrennet Sesilåmi 14. mars. Turrennet mellom Valle og Sirdal kan difor ikkje gjennomførast i 2020.

 

Sesilåmi går gjennom verna område og i viktige vinterbeite for villrein. Den siste tida er det observert fleire mindre flokkar i områda der renntraseen går. Grunna den særleg vanskelege beitesituasjonen i år er det viktig at villreinen får ro der den er.

 

Sesilåmi har lange tradisjonar og eit arrangement med stor oppslutnad frå kommunane på båe sider av heia. Det var difor inga lett avgjer for verneområdestyret å skulle trekke inn løyvet. For 2020 vart det likevel omsynet til villreinen som måtte vege tyngst.

 

I lenkene under finn du Verneområdestyret si pressemelding om saken, møteinnkallinga med sakspapir og protokollen frå møtet i verneområdestyret 2. mars 2020

(Publisert:03.03.2020)