Til startsiden

Verdiskapingsprosjektet lyser ut idekonkurranse

Foto Tor Punsvik

 

Verdiskapingsprosjektet «Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell» lyser med dette ut ein konkurranse om beste forretningside knytt til villrein og villreinfjellet.

Forretningsideen kan vera produkt eller tenester og må ligge innanfor verdiskapingsprosjektet sine tematiske rammer. Nokre døme kan være: opplevingar, formidling, kulturarv, jakt, sal av produkt som er relatert til verneområdet, villreinen eller kulturen knytt til SVR/villreinområdet.

Konkurransen er open for alle studentar og elevar ved universitet, høgskuler og videregåande skular, men forretningsideen må være relatert til Setesdal-Ryfylke villreinområde. Sjå denne lenka for meir informasjon om villreinområdet https://www.villrein.no/setesdal-ryfylke-2 

Det er satt av tilsaman kr 50.000,- til premiering av dei beste foretningsideane.

 

Meir informasjon finn du i lenka under

(Publisert:23.10.2019 Sist endret:15.11.2019)