Til startsiden

Verdiskapingsprosjektet held fram

9. januar gjekk turen til Knaben leirskule i Kvinesdal for villreinundervisning med elevar frå Sola skule.

Tuva Flor Lien frå Norsk villreinsenter sør hadde regien på opplegget. Først ei økt innomhus med grunnleggjande innføring i villreinens biologi og levesett.

Etterpå var det øvingar og leik utomhus for å demonstrere utfordringar villreinen står overfor. Økta vart sjølvsagt avslutta med reinskjøtt på bål.

Takk til engasjerte elevar og lærarar frå skulen og leirskulen. Vonleg er dette starten på å gjere villreinen til ein fast del av undervisninga på leirskulen i åra frametter.

Foto: Jørn Haug

(Publisert:10.01.2020)