Til startsiden

Vellykka feltdag med Åseral barne- og ungdomsskule

19. juni var det tid for feltdag med 8. og 9. klasse ved Åseral barne- og ungdomsskule. Turen gjekk til Ljosland i Åseral. Her fekk elevane lære om villrein, fjellflora, navigering i fjellet og proviant og utstyr på tur.

Feltdagen var i regi av verdiskapingsprosjektet i SVR. For gjennomføring fekk vi god hjelp av Kristian Eiken Olsen (Statskog) og Harald Solås (Friluftsrådet). Ein takk til 8- og 9 klasse og lærarar for ein flott dag på heia.

 

https://www.åbus.no/files/2019/06/l-p1140361.jpg

(Publisert:25.06.2019)