Til startsiden

Vellukka høringsprosess

Skilt ved anleggsveien inn til Blåsjø
Skilt ved anleggsveien inn til Blåsjø, Foto: Guro Sødergren

 

Høringsprosessen i samband med forvaltningsplanen er langt på veg avslutta. Til saman kom det inn 48 høringsuttaler og det har vore gjennomført informasjonsmøter i alle 11 kommunane. Det har og vorte gjennomført drøftingsmøter med Fylkesmennene og Miljødirektoratet.

 

Høringsprosessen har vore svært konstruktiv og det har komme inn mange grundige og gode innspel både på informasjonsmøta og gjennom dei skriftelege uttalane. Dei skriftelege uttalane kan lesast i sin heilhet under fana "Ny forvaltningsplan".

Forvaltningssekretariatet held nå på å innarbeide høringsuttalane i eit nytt planutkast som skal leggastfram for verneområdestyret til godkjenning i møtet 8. januar 2015. Dette nye planutkastet vil bli lagt ut på nettsida så snart det er sendt ut til styremedlemma. Dette vil skje seinast 23. desember

(Publisert:08.12.2014)